Frå venstre: Amalie Bekhus Kroken, Halvor Holte Hylland og Mohamed Yahia Alkatta. Ei av tevlingane denne kvelden var å gjette kor mange erter det var i boksen.
– Me brukte to timar på å telje ertene, og det har vore ein veldig artig kveld. I kveld kan ein skaffe seg mykje forskjellig her, sa Kroken.Torleiv Berdal
Samla inn over 41 000 kroner. – Fin hausttradisjon
Åmot skule fekk både elevar, foreldre og bygdefolk på plass då dei onsdag arrangerte open skule. Kvelden gav over 41 000 kroner til årets TV-aksjon.
Onsdag kveld var det liv og røre på Åmot skule. Alle klassetrinna bidrog med tevlingar, mat, kviss, loddsal og eigelaga produkt. All inntekt gjekk til årets TV-aksjon.
Årets aksjon er 19. oktober. Pengane går til Atlas-alliansen, som arbeider for betre kår for menneske med funksjonsnedsettingar i krigs- og kriseområde. Atlas-alliansen er ein paraplyorganisasjon for fleire interesseorganisasjonar.
Rektor Renate Øien var nøgd med både innsats og oppmøte.
– Det er viktig å bidra med det ein kan, og dette har vorte ein fin hausttradisjon i Åmot, sa Øien.
Annonse
Skulen var òg særs glad for støtta frå næringslivet, som gav mange fine premiar til det store lotteriet. Trekkinga av vinnarane runda av arrangementet etter eit par timar.
Andre skular i kommunen deltek òg i innsamlingsarbeidet. Edland skule hadde basar same kveld som Åmot, medan Rauland skule har skuleløp fredag. Øyfjell oppvekstsenter skal ha skuleløp same veka som aksjonen går føre seg.
Frå ein av dei populære bodene, der ein selde veggdekorasjonar og bokmerke. Kate Marita Birkeland Nilsen frå 4. klasse hadde laga veggdekorasjonar og var nøgd med resultatet.
– Det artigaste er å selje ting, det likar eg, sa Nilsen.Torleiv Berdal
Nokre gjorde meir ut av det enn andre. Astrid Tjønn (10. klasse t.v.) og Tuva Hove Romtveit (9. klasse) med t-skjorter laga for årets TV-aksjon, med slagordet Saman opnar me dører.
– Me må markere dette skikkeleg og kle oss deretter. Det har vore veldig mykje folk her, og kvelden har gått bra, sa Romtveit.Torleiv Berdal
Ahmad Mohamad frå 8. klasse hadde ansvaret for lykkehjulet.Torleiv Berdal
Håkon Sudbø Tveito (t.v.) og Daniel Berget Johansen. Begge går i 9. klasse og bidrog til TV-aksjonen med å selje pølser.
– Det er morosamt å stå her, og dette er ein veldig sosial kveld, sa Tveito.Torleiv Berdal
Veggdekorasjonar laga av elevane var ein del av utvalet på sal.Torleiv Berdal
Bokmerke laga av elevane vart også seld denne kvelden.Torleiv Berdal
Det var godt sal og trongt om plassen framfor matutsalet.Torleiv Berdal
Det var fullt av folk også ved plassane der det ikkje var matsal. Her ved trappa opp til andre etasje, der fleire aktivitetar føregjekk.Torleiv Berdal