Rykte ut til grasbrann

Brannvesenet rykte ut til grasbrann i Flatdal tysdag føremiddag. 

Publisert Sist oppdatert

Det brann i terrenget i nærleiken av Joker-butikken i Flatdal. Brannvesenet i Seljord rykte ut. Dei fekk raskt kontroll på brannen. 

Brannsjef i Vest-Telemark, Torbjørn Lia, kjem med ei generell oppmoding om at folk må vere forsiktige sjølv om det generelle bålforbodet ikkje trer i kraft før 15. april. 

Lia seier det er tørt i daufonna, og på grunn av vinden må ein vere ekstra aktsam. 

– Skal du fyre, start på eit lite stykke øvst i skråninga, og brenn stripe for stripe nedover, seier brannsjefen. 

Powered by Labrador CMS