Olav´s menn legg til ved Kauphamar med vikingskipet Åsa. Dei ville handle brynestein.

Ro! Ro! Ro! Tilbake til vikingtida

Sundag var det tid for den tredje i rekka av vikingdagar på Kviteseid bygdetun. Eit arrangement som tydeleg er populært hos mange.

Publisert Sist oppdatert

Vikingskipet Åsa segla ut frå Akkerhaugen på torsdag. Klokka tolv nærma ho seg land i Kauphamar i Kviteseid. 

Ved årene sit vikingane i den kristne vikinggruppa Olav´s menn. Etter kvart kan publikum høyre taktfaste rop ein høyrer mykje av i desse VM-tider. 

Nemleg:

Ro!

Ro!

Ro!

Det er tre år sidan sist det var Vikingdag på bygdetunet i Kviteseid. Også i år hadde mange møtt opp for å møte Åsa og vikingane. 

Vikingane vart tatt imot av Bjørn Nordskog. Han hadde visstnok brynestein å selje. Brynesteinen var lenge eit viktig reiskap, og vart brukt til å slipe ljåen, øksa og kniven. Brynesteinen vart henta ut frå fjellet i Eidsborg, og var ei viktig handelsvare. 

 Me reiste frå Akkerhaugen på fredag. Så me har bruka lang tid på å få tak i den brynesteinen, fortel Thor Olav Sperre.

David Hauer (f.v.) har rodd deler av etappen, Marit Svalastog presiserer at ho ikkje har rodd, og Thor Olav Sperre fortel at det er fordi ho dronninga.

Inghild Brink Roli og Eirik Johansen bur i Gudbrandsdalen, og på fredag fekk dei tilfeldig greie på at det skulle vere Vikingdag i Kviteseid på sundag. 

– Me har fått litt dilla på dette, og køyrte ned hit. Me har aldri vore i området før, og det er jo utruleg fint, fortel Inghild. 

Eirik fortel at det er Inghild som har sydd alt dei har på seg, både klede og sko. 

Inghild Brink Roli og Eirik Johansen reiser rundt på ulike vikingarrangement. Dette er fyrste gong dei er på eit arrangement der det er båt. Det var ekstra stas.

Publikum fekk kome om bord i Åsa, og etterpå var det mat, leikar og aktivitetar på bygdetunet. Det var også opning av utstillinga til Anders Kvåle Rue «Historiske illustrasjonar», og han heldt også eit kåseri.

Anders Kvåle Rue frå Svartdal er med i Olav´s menn, og er også sommarens utstillar i Utsondhalli på bygdetunet i Kviteseid.

Små og store kunne prøve seg på ulike leikar som bogeskjoting eller fekting. 

Eller ein runde på hesteryggen som Linnea Hovden Landsverk frå Kviteseid. 

Eller høyre på musikk framført av Daniel Høstberger, her saman med Johanna Mari Danielsdotter Høstberger og Daphne Høstberger. 

Powered by Labrador CMS