Riksveg 7 over Hardangervidda kan bli vinterstengd av omsyn til villreinen. Ein tunnel her under Dyranut kan løyse problemet.

Riksveg 7 kan bli vinterstengd for å verne villreinen

(NPK-NTB): Regjeringa opnar for å gjeninnføre mellombels vinterstenging av riksveg 7 over Hardangervidda for å gi villreinen tilgang til tidlegare beiteområde.

Publisert

Forslaget står i den nye tiltaksplanen for villreinområdet på Hardangervidda, skriv Hallingdølen.

– Regjeringa vil ta opp att prosjektet med mellombels vinterstengd riksveg 7 over Hardangervidda, når det er kontroll med skrantesjuke i Nordfjella og på Hardangervidda, heiter det i planen.

Riksveg 7, som er kortaste vegen mellom Oslo og Bergen, er ifølgje regjeringa ein nesten fullstendig barriere for trekken til villreinen til beiteområda nord for vegen. Områda gjekk av bruk etter at riksveg 7 byrja å bli brøyta vinterstid på 1990-talet.

Leiar Petter Rukke i samferdselsutvalet i Hallingdal er kritisk til forslaget. Han meiner tiltaksplanen ikkje tek tilstrekkeleg omsyn til betydninga riksveg 7 har for næringsliv og beredskap i Hallingdal og Hardanger.

– Dette vil vere å gå mange tiår tilbake i tid. Eg er svært skuffa over bidraget frå staten, seier Rukke.

Han etterlyser den planlagde, seks kilometer lange Dyranuttunnelen, anslått å koste godt over to milliardar kroner.

– Tunnelen er det beste tiltaket saman med å regulere ferdselen. Dette vil vere ein overgang for villreinen, ei fri ferdselsåre over ein tunnel.

Fjellovergangen på riksveg 7 er i snitt stengd 1000 timar i året, ifølgje NRK.

Noreg har over 90 prosent av bestanden av villrein i Europa, noko som inneber at staten har eit spesielt ansvar for å ta vare på arten. I dag er det knapt 5000 villrein att på Hardangervidda.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS