Rekordmange besøkte matfesten då den blei arrangert for tiande gong
– Me sette fram 370 stolar, og alle er opptatte. Eg trur nok dette er rekord, fortel Inger Marie Espeland.
– Utan desse to – ingen matfest, seier Seljord-ordførar, Solveig Sundbø Abrahamsen til VTB.
Dei to ho snakkar om er Inger Marie Espeland frå Røde Kors og Wenche Jønholt frå vaksenopplæringa. Dei har arrangert den internasjonale mat- og kulturfesten i Seljord i ti år, og då den tiande utgåva av festen var i gang onsdag ettermiddag fekk dei to fine ord og blomar for innsats og engasjement.
To år vart festen hindra av koronapandemien, men elles har den vekse gradvis. Det heile starta i 2016, Inger Marie fekk ideen etter at det kom så mange flyktningar til Seljord året før.
Etter kvart vaks festen ut av frivilligsentralen, onsdag ettermiddag var nærare 400 personar innom mat- og kulturfesten som er eit samarbeid mellom Røde Kors, kommunen og folkehøgskulen.
Wenche fortel at elevane ved vaksenopplæringa synest det er veldig moro å lage mat til festen.
– Det gjev dei stor glede å vise fram maten sin, seier ho.
Nærare tretti personar har laga mat heime og tatt med seg til festen. Alt er gratis – målet er at gjestene skal få ein liten smakebit av dei ulike mattradisjonane.
Inger Marie meiner tilstellingar som dette er viktig.
– Det er viktig – særleg i desse tider. Det er viktig å samlast, ha det hyggeleg saman og bli kjent med andre menneske frå andre kulturar. Det er viktig at me inkluderer og omfamnar andre – eit smil gjer mykje, seier ho.
Ho legg til at det er mange som legg ned ein super dugnadsinnsats og bidrar til at arrangementet går bra, og nemner særleg dei tilsette på Granvin kulturhus – Geir, Anna, Edwin, Kaja og Annar.
Kokte grøne bananar
Det er mange som har brukt timane før festen til å lage mat. Edith Vala har budd i Seljord i 21 år, men kjem opphavleg frå Rwanda. Saman med systera Peruth har ho vore i aksjon på kjøkkenet etter jobb på onsdag.
– Me har laga kokte grøne bananar, det er ein type banan som aldri blir gule, og som er vanleg å ete til middag. Og her er kylling med masse krydder og urter, fortel Edith på klingande seljordsdialekt.
– Detta er gørrgødt, smiler ho.
Ekteparet Sergeii Butyriev og Stefaniia Dryha flykta frå Ukraina i 2023, og bur nå i Kviteseid. Dei gjekk på norskopplæring i Seljord, og kjenner mange som er på den internasjonale matfesten.
– Me var her i fjor også, og kjenner mange her. Det er koseleg, fortel paret.
Dei fortel at dei kjenner alle ukrainarane som bur både i Seljord og Kviteseid, men at dei også har fått norske venner.
– Me inviterer dei til oss og dei inviterer oss heim til seg, fortel Stefaniia.