Reknar smitteutbrotet i Seljord som over

– Få eller ingen nye smitta dei siste dagane.

Beredskapsleiinga i Seljord reknar smitteutbrotet som over.

– Vi har hatt få eller ingen nye smitta dei siste dagane, og opplever at vi har god kontroll på situasjonen. Dette er det andre utbrotet vi har hatt i haust. Det er fint å sjå at tiltaka vi sett i gang fungerer, og at smitten fort kjem under kontroll. Kommuneoverlegen har vurdert at risikonivået i kommunen er på det lågaste nivået, det vil seie risikonivå 1. Takk for innsatsen til alle heimar som har vore råka!, melder kommunen på heimesida si måndag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen minner om dei viktigaste tiltaka framover:

– At vi vaksinerer oss, held oss heime når vi er sjuke og testar oss viss vi har symptom eller får beskjed om at vi er nærkontakt. Følg lokale tilrådingar når det gjeld testing og karantene.

Tal frå Statsforvaltaren seier at det har vore 47 smitta i Seljord i løpet av dei siste 14 dagane.

Les også
Heng seg ikkje opp i dei daglege smittetala