Massetestar elevar og tilsette på barne- og ungdomskulen

Minst ti skal vera smitta av Covid-19 ved Seljord barne- og ungdomsskule.

Det opplyste ordførar Beate Marie Dahl Eide på dagens formannskapsmøte i Seljord. Ho hadde ikkje det eksakte talet. Rådmann Rikke Raknes uttala at det er «meir smitte enn nokon gong i Seljord».

– Og det er smitte som me heller ikkje kjenner smittevegen til. Det er sendt ut informasjon om massetesting som skal bli gjort i løpet av dagen, og me vil vete meir om dette i morgon, uttala rådmannen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me går mot ei helg der det mellom anna er Halloween der barna går frå dør til dør, og me må vurdere om me skal innføre tiltak, heldt ho fram.

Har ikkje oversikt

Kommuneoverlege Kine Jordbakke seier dei vel å masseteste elevar og ungar i barnehagen for å få ei oversikt. Etter at samfunnet gjekk tilbake til normalen er det ikkje lenger så mange tiltak kommunane kan bruke – som karantene eller smittesporing. Det er kun dei som er sjuke som skal i isolasjon i fem dagar.

Det er smitte på fleire av klassetrinna på sentrumsskulen, men førebels resultat viser at det er mindre på ungdomsskulen. Dette heng truleg saman med at det er stor grad av vaksinerte med ein dose i aldersgruppa 12 til 15 år.

– Det er fint å sjå at vaksinen verkar, seier Jordbakke.

Helsesjukepleiarar er på skulane i dag for å dele ut testar. Jordbakke understrekar at det viktig at alle som skal, tar testen. Det blir sendt med brukarrettleiing for korleis ein gjer det og kva ein gjer om prøva er positiv.

Den siste tida har det vore ein del spreidde smittetilfelle i kommunen, meir enn det var under pandemien. Dette er forventa, også frå nasjonalt hald.

– Me har ein god vaksinasjonsgrad i Seljord kommune. Dei som er i risiko for å bli alvorleg sjuke har fått tilbod om å vaksinere seg, noko dei fleste har takka ja til. Dei aller fleste barn og unge blir lite sjuke, seier Jordbakke.

– Me har dei siste månadene ikkje drive med smittesporing for å finne ut kvar smitta kjem frå, og veit difor heller ikkje kven som har smitta kven. Derfor vel me å gjennomføre ei målretta massetesting ut mot dei miljøa som er ramma. Dette er for få ein betre oversikt over situasjonen, seier Jordbakke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho er ikkje bekymra for situasjonen i Seljord, men meiner det nå er viktig å få ei oversikt over kor mange smitta det er, og vurdere om det er noko kommunen bør foreta seg etter det. Kommuneoverlegen ventar å ha ei betre oversikt i morgon.

Kva som skjer med Halloween blir tatt stilling til i beredskapsmøtet fredag.

– Det er ikkje jo noko særleg å gå frå dør til dør med Covid-19, seier Jordbakke.

Melding

Torsdagsmorgonen blei det sendt ut viktig melding til elevar og føresette ved skulen:

«Seljord kommune har no ei auke i smittetilfelle med Covid-19. I enkelte tilfelle er det ukjent smitteveg og kommunen treng å få oversikt over smittesituasjonen. Dette skjer ved å utføre massetesting av elevar og tilsette ved Seljord barne- og ungdomskule.

Det vil bli delt ut hurtigtestutstyr til alle elevar og lærarar torsdag 28.10.21.

Vi ber om at alle elevar gjennomfører hurtigtest heime i løpet av torsdag 28.10.21, innan kl 19.00.»

Om prøva er positiv må ein kontakte helsesenteret for avtale om ytterlegare testing, er meldinga frå kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Generelle smittevernråd

– Sjuke skal halde seg heime og ta ein hurtigtest så snart som mogeleg

– Hugs på god handhygiene

– Gode hostevanar

– Hald avstand der det er mogeleg, og ta ekstra omsyn til personar i risikogrupper.