Næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) tek sikte på å få innført lova om turistskatt allereie til sommaren.

Regjeringa vil ha på plass turistskatt før 1. juli

Næringsdepartementet sender eit forslag til reglar for turistskatt på høyring, med ambisjon om at lova skal tre i kraft 1. juli.

Publisert

– Med dette forslaget legg me fram eit heilskapleg rammeverk for den frivillige, kommunale overnattingsavgifta. Målet er at ordninga skal fungera godt i praksis, og at kommunar med særleg høgt press frå reiselivet kan starta innkrevjing i første halvår av 2027, seier næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) i ei pressemelding.

I juni vart den såkalla turistskatten, eller besøksavgifta som regjeringa kallar henne, vedteke på Stortinget. Den inneber at kommunar med mange turistar kan leggja på ei avgift på 3 prosent på overnatting. Campingturistar slepper avgifta, medan cruiseskip og generell overnatting skal betala.

Forslaget som no blir sendt på høyring inneber også fleire fritak for mellom anna skuleelevar på skuletur, arbeidarar i brakkehotell og overnatting i samband med idretts- og kulturarrangement.

Forslaget inneber også at kommunane må vedta og kunngjera forskrifter om overnattingsavgift seinast 31. desember året før avgifta trer i kraft.

– Me må sikra berekraft, og me er avhengige av tillit og samarbeid mellom lokalbefolkning, reiselivsbedrifter og dei besøkjande. Besøksbidrag kan bidra til nettopp dette, seier Myrseth.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS