Kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram frå Senterpartiet vil sørgje for betre kår for nærskulane: Regjeringa vil foreslå at alle kommunar skal få ein halv million per skule årleg. Foto: Fredrik Hagen / NTB / NPK

Regjeringa vil gje kommunane ein halv million kroner per grunnskule

Regjeringa vil gje alle kommunar 0,5 millionar kroner per grunnskule, både bykommunar og hovudstaden med sine 188 skular, og distriktskommunar med berre ein eller to skular. – Eit insentiv for å behalde nærskulen, seier kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

I fleire tiår har skulenedlegging vore eit betent tema. Rundt ein skule i veka har vorte lagd ned.

I Hurdalsplattforma kjem det fram at talet på skular i ein kommune skal bli lagt inn som eit nytt kriterium i inntektssystemet til kommunane: Kommunane skal få eit årleg tilskot på 500.000 kroner per grunnskule.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Pengane skal gjere det enklare for kommunane å ta valet om å behalde skulen, seier den nye ferske kommunal- og distriktsministeren.

Kommunane er likevel ikkje bundne til å nytta tilskotet på skule.

– Pengane er frie midlar og er meint som eit insentiv til å behalde grunnskulane rundt om i landet, seier Gram.

Insentivet har tidlegare vorte fronta av Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum som eit tiltak for distrikta. Men kommunal- og distriktsministeren presiserer at ordninga skal omfatte alle kommunar og alle skular, også Oslo med sine 188 skular.

– Det er nærskulen som er målet for insentivet, og ikkje spesielt i distrikta. Nærskulen er viktig om du bur i bygd eller by, seier han.

Kommunane har ansvaret

Før 1986 hadde staten det økonomiske driftsansvaret for grunnskulen. Kommunane fekk øyremerkte midlar som dekte utgiftene til alle dei skulane dei hadde. Etter 1986 fekk kommunane ansvaret for grunnskuledrifta. Kommunane får i dag sektorvise rammetiltak frå staten og må gjera prioriteringane sjølve.

Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum har tidlegare sagt at det er nødvendig å gjera noko med inntektssystemet.

– Eg som rikspolitikar kan ikkje gjera noko med kvar enkelt skule. Men det me kan gjera noko med, er inntektssystemet, sa Vedum til VG før valet då han snakka om det nye kriteriet som dei ville leggje inn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram vil ikkje kommentere om inntektssystemet kan ha ført til unødige skulenedleggingar.

– Eg kan ikkje kommentere dei vala som er gjort i kommunane gjennom dei 35 åra. Det kan vere mange årsaker til at skulestrukturen er endra. Vi har stor tillit til at kommunane er skikka til å ta dei vala sjølve.

Har sjølv lagt ned skular

Gram seier at han sjølv har vore med på å leggje ned nærskular då han var ordførar i Steinkjer kommune frå 2007 til 2020. Han understrekar at ikkje alle nedleggingar skjer mot lokalbefolkningas vilje.

– Nedleggingane skjedde både i tråd med det lokalbefolkninga ønskte, og i protest, seier han og nemner skulane Kvam og Sem, som vart lagde ned og slått saman til ein skule rundt 2012, som døme på nedleggingar som folk lokalt ønskte.

Gram har sjølv stemt både for og mot skulenedleggingar medan han sat i kommunestyret.

– Eg veit av erfaring at ei slik avgjerd ikkje er noko ein tek lett på. Slik er det nok i kommunestyre flest, seier han.

Norconsult la i vår fram ein rapport som tilrår at ytterlegare seks skular i Steinkjer vert lagde ned. Kanskje vil det nye kriteriet i inntektsmodellen som regjeringa foreslår, redda ein eller fleire av desse?

Statsråden svarer at han ikkje vil kommentera skular i einskildkommunar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Omfordeling

I Noreg har me i dag 11.971 grunnskular. Gram vil ikkje seie noko om korleis dei skal finansiere ordninga og vil ikkje uttale seg om kva som kjem i statsbudsjettet.

Men finansminister Trygve Slagsvold Vedum har tidlegare sagt dette om saka:

– Det vil bety ei omfordeling i inntektssystemet på litt over 1,2 milliardar. Då vil det bli meir lønnsamt for norske kommunar å sikra ein desentralisert skolestruktur. Og kommunane vil gå glipp av ein halv million årleg dersom dei legg ned ein skole.

Positive

Landslaget for nærmiljøskolen har lenge vore kritisk til inntektsmodellen til kommunane og meiner staten har fråskrive seg ansvaret for grunnskulen. No er tonen meir positiv.

– Me er positive til at vi har fått ei regjering som vil gjere noko med den storstilte nedlegginga. Det bidreg til ein diskusjon. Me er glade for det, sjølv om me ikkje har teke stilling til sjølve beløpsstorleiken, seier rådgjevar Torodd Fagerheim, og håpar at dette er starten på ei god utvikling for skulane i distrikta.

(©NPK)