Kyrkjebygdheia: Leiteaksjonen er avslutta

Rundt klokka 22.30 melder Telemark Røde Kors hjelpekorps at dei fire kvinnene som hadde gått seg litt bort, var ved bilveg og at aksjonen blei avslutta.

Raudekrossen melde torsdag kveld at Nissedal Røde Kors Hjelpekorps bistår fire kvinner som skulle gå frå Gautefall til Kyrkjebygdheia.

– Kvinnene har gått seg litt bort, men me har fått deira posisjon og mannskap er på veg for å bistå med å finne vegen heim. Dei er godt kledd, har mat og er ved godt mot, blir det meld på Twitter.