Påverknad: – Me må påverke dei med makt til å ta rette avgjerder for dei undertrykte, og på den måten gjera vegane tryggare, og syte for at folk har til salt på grauten, og ikkje i såra, skriv diakon Eilev Erikstein i sin årsrapport for 2023. (Arkivfoto)

Prostidiakonen: «Verda er uroleg. Meir uroleg enn nokon gong før i mi levetid»

Krig og klima har vore to stikkord, skriv prostidiakon Eilev Erikstein i sin årsrapport for 2023. – Så har me rentestigning og matkøar. Kanskje me ser ein ny fattigdom utvikle seg, også her i landet.

Køane ved matutdelingsstedane i dagens Noreg er eit nederlag for samfunnet.

– Diakonien må arbeide for å hindre valden, overgrepa og fattigdomen og trongen for matposar, skriv prostidiakonen i årsrapporten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det held ikkje å drive sårstell og god pleie. Årsakene til uretten må bort, held han fram.

I 2023 blei det formidla om lag 30 ulike former for mathjelp i Tokke, Vinje, Nissedal, Kviteseid og Fyresdal, med hjelp av Spleis, ein raus donasjon frå Fyresdal kommune i fjor, og rett før jol, 50 000 kroner frå Vinje kommune.

Aukande trong til mathjelp: – Køane ved matutdelingsstadane i dagens Noreg er eit nederlag for vårt samfunn. Velgjerningar er noko anna enn diakoni. Bodskapen i Bibelen og diakonien, er rettferd. At den kristne trua må arbeide for minst mogleg skilnad, for å minske gapet mellom menneske, skriv Erikstein. (Foto frå årsrapporten)

– Denne ordninga vart starta for over 20 år sidan, men trongen syner seg å vere aukande.

Til å hjelp med denne ordninga har ein person frå kvar kommune sagt seg viljug til å vere med i eit «matpakkeutval».

– Men det er framleis ikkje rett og bra at folk må stå i matkøar i vårt samfunn, meiner diakonen.

Arbeid i og utanfor Vest-Telemark

I 2023 har det blitt arbeidd med å styrke kunnskapen om det å vera pårørande til menneske med ulike former for demens. Diakonen har mellom anna delteke på «Pårørandeskule», arrangert i Vinje.

Det har også blitt arbeida med å styrke fellesskap og å opprette omsorgsgrupper i kommunane, til dømes «Sorg med kaffi til» i Rauland kyrkje, «Ord til trøyst» i samarbeid med Vinjesenteret og «Sorg med vaffel til» på bedehuset i Treungen.

Sidan 2011 har prostidiakonen vore hyra inn til å gje diakonale tenester til DPS i Seljord. Dette arbeidet har halde fram i 2023, med tilbod om mellom anna samtaler og livssynsgrupper. Nytt av året er tilbodet til tilsette om etiske refleksjonsgrupper.

Artikkelen held fram under annonsen.

Diakonen har også hatt seg fleire turar ut av Vest-Telemark dette året. Mellom anna gjennom eit engasjement i Nettkirkens chatteneste, utvikling av nytt sorggruppe-materiell i Agder og Telemark, ei vekes engasjement som sjukehusdiakon på Diakonihjemmet i Oslo, pilegrimsvandring i Stavanger og deltaking på diakonikonferansen i Oslo.

– Takk til alle gode samarbeidspartar i kyrkje og kommune. Til Kvito og DPS i Seljord. Til alle gode medarbeidarar i sokneråd og diakoniutval, prestar, kyrkjeverjer og friviljuge på mange nivå, avsluttar diakonen årsrapporten.