Inn med postmannen: Den nye lova om motorferdsel i utmark må gje rett til å ferdast i utmarka for dei som har ansvar for post, straum og telekommunikasjon, slår PMU-politikarane i Vinje fast. På biletet ser ein litt av arbeidsvegen for postmannen på Møsstrond.

Postmannen må få ferdast i utmarka

Plan- og miljøutvalet i Vinje vil sikre rettane til dei som treng å ferdast i utmarka for å gjere naudsynte samfunnsoppgåver.

Publisert Sist oppdatert

Lova om motorferdsel i utmarka er frå 1977 og skal reviderast. Nå er lovforslaget på høyring, og Vinje kommune vil nytte høvet til å uttale seg. Det er ei omfattande sak, men dei har fått hjelp frå Utmarkskommunenes sammenslutning (USS).

– Det er 460 sider med vedlegg i saka, så takk og pris for at USS laga utkast til høyringsuttale, sa kommunedirektør Jan Myrekrok då PMU skulle handsame saka onsdag.

Eit punkt som USS er særleg kritisk til er forslaget om at Statsforvaltaren får heimel til å overprøve kommunale planar og vedtak om skuterløyper.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS