Fremja saka til Hinda: Varaordførar Benedikte Nes har engasjert seg i utvisingssaka til Hinda Saed Diriye.

Politikarane med melding til regjeringa. – Det er dei tre barna som blir mest råka viss mora vert sendt ut med tvang

Utvisingssaka til Hinda på Dalen har engasjert mange. Før påske vedtok eit samla kommunestyre å sende ein appell til regjeringa.

Det var varaordførar Benedikte Nes (MDG) som fremja saka med tittelen «La Hinda få bli på Dalen – saman med ungane sine» for kommunestyret i førre møte.

Nes forklara at det er fyrst og fremst barna til Hinda som gjer at saka nå blir tatt opp i kommunestyret.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me vil at alle barn skal ha det bra, og det å leve med at mor når som helst kan bli sendt ut av landet er ikkje trygt og godt, innleia ho.

Og varaordføraren fekk tverrpolitisk støtte.

– Eg kjenner eg er glad me har Benedikte i kommunestyret. Ho har eit engasjement og initiativ som er stort. Eg støttar dette veldig, kommenterte Gunn Siri Haugan Vindal (Ap).

– Eg er einig, eg er veldig glad for at Benedikte tek opp dette. Det riv i hjartet av å lese om utvisingssaker. Eg synest det er for gale at me skal gjere dette medan me ventar på nytt regelverk. Me må tenke med hjarte av og til. Eg støttar det heilhjarta, sa Ellen Ofte Jakobsen (KrF).

Får støtte: Hinda Saed Diriye har budd på Dalen i tolv år. Ho fortel at situasjonen er svært vanskeleg for dei tre barna hennar, og at dei uroar seg for at ho må reise frå dei.

Både VTB og andre medium har ved fleire høve skrive om Hinda Saed Diriye som har fått utvisingsvedtak fordi ho heldt tilbake informasjon om at ho hadde søkt asyl i eit anna land før ho kom til Noreg i 2009. I tråd med det såkalla Dublinregelverket vart ho då pålagt å reise tilbake til landet der ho fyrst søkte om asyl.

Hinda gifta seg i 2010, og vart gravid før det fyrste vedtaket om utvising kom. Nå har ho budd på Dalen i tolv år og dei tre barna hennar går alle på Tokke skule.

Like før jol arrangerte sambygdingar på Dalen fakkeltog med appellar for å vise sin støtte til Hinda og familien. Nå viser også politikarane sin støtte.

Les også
Nå hamnar saka om Hinda hos politikarane

Det er dei tre barna som bekymrar politikarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

I brevet til regjeringa heiter det mellom anna:

«Hinda er blitt dømt til to års innreiseforbod, slik at om ho vert sendt ut blir det veldig lenge til ho kan ha håp om å få kome tilbake til ungane sine. Det er dei tre barna til Hinda som blir mest råka viss mora vert sendt ut med tvang. Dei er heilt utan skuld i situasjonen. FNs barnekonvensjon seier mellom anna at

«Handlingar som vedgår barn som vert sett i verk av styresmakter og organisasjonar, skal først og fremst ta omsyn til kva som gagnar barnet best.»

«Barnet skal ikkje skiljast frå foreldra sine mot eigen vilje, unnateke når dette er nødvendig av omsyn til kva som gagnar barnet best.»

I brevet viser dei også til eit utval som vart sett ned av Solberg-regjeringa for å vurdere regelverket. I rapporten frå utvalet som var klar januar 2022, blir det lagt fram fleire forslag om endringar i regelverk og praksis for å ta betre vare på rettane til barna i desse sakene.

I appellen som går frå dei folkevalde i Tokke til regjeringa heiter det:

1. Tokke kommunestyre ber Regjeringa å følgje opp dei tiltak som er føreslegne i rapporten «Terskelen for utvisning i saker som berører barn (2022)».

2. Tokke kommunestyre ber Regjeringa stille utvisingssaker som involverer barn i bero inntil dei naudsynte regelverksendringane er på plass.

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Tokke kommunestyre fremjar ynskje om at UNE gir opphald til Hinda Saed Diriye i Noreg, grunna omsynet til barnas beste.