Politiet kjøper bilar for 180 millionar kroner

Politiets fellestenester har inngått ein avtale med leverandøren Handicare AS om å levere ressurskøyretøy til politiet til ein verdi av 180 millionar kroner.

Bilane som skal leverast, er av typen Ford Explorer hybrid og skal vere klare til bestilling i byrjinga av 2022, skriv Politiforum.

– Dette er køyretøy som er tiltenkt utrykkingseiningane i politidistrikta. Køyretøya vil erstatte BMW X5 som i dag blir brukt som ressurskøyretøy, seier Nils Erik Skulstad, seksjonsleiar i Politiets fellestenester.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han opplyser at Handicare AS får levert standard køyretøy frå Ford Noreg som skal byggjast om slik at dei tilfredsstiller krava for ressurskøyretøya i politiet.

(©NPK)