Planen fungerte perfekt. – Alle får terningkast 6
Seljord-trenar Lars Inge Sollie strålar etter tre viktige poeng i bortekampen mot Bamble torsdag.
Utan poeng i torsdagens kamp ville vegen opp til sikker plass i 6. divisjon vore lang for Seljord. Men det var aldri tvil – Seljord vann 3-0 og tok med det sesongens andre siger.
– Planen fungerte perfekt, seier Lars Inge Sollie, som delar trenaransvaret med Øyvind Oland.
Han visste det kom til å bli ein tøff kamp med mange duellar på den vesle banen til Bamble.
– Innsats og duellstyrke var nøkkelen, og ikkje minst vinne andreballane om me tapa ein duell, seier Sollie.
Han gler seg også over cornertrekket som gav 1-0. Midtstoppar Simon Jändel sende gjestene i føringa.
– Ein må som regel øve på cornertrekk, men me hadde berre ein teoretisk gjennomgang i garderoben, seier Sollie.
Han seier laget har hatt mykje stong ut til nå i sesongen, og at dei er avhengige av å plukke poeng i slike kampar som mot Bamble, og mot Drangedal til torsdagen.
Sanzhar Kaus skaut Seljord opp i 2-0-leiing. Han har vist seg som ein svært effektiv målskårar for laget, men har ikkje spela mange kampar. I fjor blei det 4 mål på 7 kampar, og denne sesongen har han 3 mål på 5 kampar.
– Me skulle gjerne hatt han med meir, men han har dame i Stavanger ...
– Det er ei utfordring at me sjeldan kan spele med det same laget frå kamp til kamp, seier Sollie.
Mohammed Abdi Hiis fastsette sluttresultatet til 3-0 på overtid. Sollie rosar alle dei 13 som var involverte i kampen.
– Ein fantastisk innsats. Alle får terningkast 6, er dommen frå trenaren som også er registrert som spelar.
– Men det er berre i naudstilfelle. Då skal det vera få spelarar ... I går hadde eg aldri fotballskoa på meg, seier han.
Sigeren torsdag var den andre for sesongen – men også den andre i løpet av dei fire siste kampane. Nå ser trenaren fram mot kampen mot Drangedal heime på Eventyrøy torsdag. Drangedølane vann også i går. Dei slo Herøya 4-3 på bortebane. Sist laga møttest vann Drangedal 2-1.