Sonja Sandvik meiner alle har eit ansvar for tryggleiken. Båe

På puben i Bøgrend er sjåførane heidersgjester

På Vinje Bryggeri har dei ei eiga avtale for sjåførane: Gratis kaffi og alkoholfri drikkebong i baren.

– Me har alle eit ansvar for tryggleiken. Særleg me som driv serveringsstad kjenner på dette. Det er ikkje berre å lukke att døra, når kvelden er omme. Me er opptekne av at gjestene har ordna seg med transport når dei reiser for kvelden, seier Sonja Sandvik på Vinje Bryggeri.

Opphav i Sveits

Vinje Bryggeri har etablert den såkalla Torvaldavtala, med røter frå Sveits.

Artikkelen held fram under annonsen.

Avtala går ut på at om ein er sjåfør for to, tre personar, får ein delt ut ein kork der det står «Sjåfør i kveld».

– Bakgrunnen er at nokon kjende av oss hadde vore på ein pub i Sveits, og der var det ei slik avtale for sjåførane. Der heitte den Bob-avtala. Det var slik at dei gjekk i baren og sa «Ich bin Bob», og så fekk dei gratis alkoholfri drikke. Me har berre fornorska namnet litt, fortel Sandvik.

Bryggeriet steller jamleg til ulike pubkveldar og konsertar og avsluttar kvelden rundt midnatt.

Slike får ein delt ut om ein køyrer den kvelden.

– Når det nærmar seg stengjetid plar me ta ein runde i lokalet og sjekkar om gjestene har ordna seg med skyss. Og me hjelper gjerne til med å ringe drosje, eller spør etter om andre har eit ledig sete i bilen og skal same veg, held ho fram.

Set opp buss

Puben set også opp buss til Haukeli om det er ulike arrangement.

– Inge Sondre Bratland køyrer folk heilt til døra. Han set dei ikkje berre av i sentrum, men er oppteken av å få folk trygt heim, fortel Sandvik.

Ho fortel at det på ein vanleg kveld er om lag fire, fem sjåførar som deltek på puben.

– Me legg opp til at det skal vere hyggeleg å vere i puben sjølv om ein ikkje drikk alkohol, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje alltid det er så populært å vere sjåfør. Dette ynskjer me å gjere noko med, avsluttar Sandvik.