Ballongferd: – Me har skilta med ballongar så det vart lett å finne fram. Ei lita ballongferd, seier leiar i Jordmorsamarbeidet, Helene Mølster Byggland.

Over 100 ville ha gratisundersøkinga. – No må me legge ein plan for dei drygt 50 kvinnene som ikkje fekk time

I veke 3 har kvinner busett i jordmorsamarbeidskommunane Seljord, Vinje, Kviteseid og Fyresdal fått tilbod om gratis livmorhalsprøve. Det var ein kampanje som traff godt.

Ei prøve frå livmorhalsen kan vere livsviktig, sidan den kan avdekke celleforandringar som er starten på livmorhalskreft. Slike prøver kan takast hos fastlege eller gynekolog, men er også ein kompetanse fleire jordmødrer i Vest-Telemark har, og gratiskampanjen denne veka har vore i regi av Jordmorsamarbeidet.

– Jordmorkollega Trude Fostervold lærte meg opp i celleprøvetaking etter at ho starta i Jordmorsamarbeidet i mars 2023, forklarar leiar i samarbeidet, Helene Mølster Byggland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Læremeister: Jordmor Trude Fostervold starta i Jordmorsamarbeidet i fjor, og har lært opp kollega Helene Mølster Byggland i celleprøvetaking. Fostervold er ei av dei fire jordmødrene som har vore i sving på helsestasjonen i Åmot måndag til torsdag i veke 3 for å gje gratis livmorhalsprøve til kvinner frå Kviteseid, Seljord, Vinje og Fyresdal.

Jordmødrene i samarbeidet har drive med celleprøver ei stund, mellom anna som del av etterkontroll etter fødsel, men dei har ikkje aktivt prøvd å tiltrekke seg kvinner generelt sett med tanke på celleprøver.

– Me har tidlegare ikkje reklamert for tilbodet på noko vis, men har gjeve eit tilbod til dei som har tatt kontakt ut frå vår kapasitet med tanke på andre arbeidsoppgåver, forklarar Byggland.

Les også
Gratis celleprøve på nyåret i fire kommunar – fleire har alt bestilt time

Vellukka kampanje

No er det slutt på å tilby celleprøver i det stille, for over 100 kvinner tok kontakt for å få livmorhalsprøve hos jordmødrene i kampanjeveka. Ei slik livmorhalsprøver kostar til vanleg 250 kroner hos Jordmorsamarbeidet. I kampanjeveka var det gratis, men dette er ikkje hovudgrunnen til den store interessa, trur Byggland.

– Tilbakemeldingane frå kvinnene som har nytta tilbodet er at det kjendes fint å koma til jordmor for denne undersøkinga. Fleire opplevde også kampanjen som ein liten dytt for å få gjort undersøkinga.

Eit team på to jordmødrer per dag har tatt prøver i eitt frå måndag til torsdag som planlagt, og dei rakk heile 49 av kvinnene som tok kontakt. Av desse var 57 % frå Vinje og 29 % frå Kviteseid.

Byggland og kollegaene har fått veldig gode attendemeldingar frå kvinnene dei har teke imot.

– Det er eit behov, det er det absolutt, seier ho.

– Me må legge ein plan for dei drygt 50 kvinnene som ikkje fekk time til livmorhalsprøve denne veka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men Byggland kan ikkje love noko om korleis det blir med livmorhalsprøver frå Jordmorsamarbeidet vidare.

– Eg ønsker å gje tilbod om livmorhalsprøver, men det kjem også an på tidsbruk og korleis ein skal organisere tilbodet.

Klare for dag 4: Torsdag var siste prøvetakingsdag i kampanjeveka, men Helene Mølster Byggland (t.v.) vil legge ein plan for dei over 50 kvinnene som ikkje fekk time denne veka. I bakgrunnen er Mirjam Thorkildsen Schade med børsten som er til prøvetakinga.