Prøvetakarane: Helene Mølster Byggland (t.h.) tek celleprøver måndag og tysdag i kampanjeveka, medan Trude Fostervold (t.v.) gjer jobben på onsdag og torsdag. Kvar av dei vil ha med seg ein jordmorkollega frå jordmorsamarbeidet som hjelper til med å opprette journal, innhente viktige opplysningar og fylle ut rekvisisjonsskjema. Foto: Privat

Gratis celleprøve på nyåret i fire kommunar – fleire har alt bestilt time

– Me gler oss over engasjementet og ser fram til å tilby kvinner ei viktig prøve, seier avdelingsleiar for jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark, Helene Mølster Byggland.

Ifølgje Kreftforeininga har førekomsten av livmorhalskreft auka dei siste åra, samstundes som talet på kvinner som tek celleprøve frå livmorhalsen har gått ned. Ei slik celleprøve kan avdekke celleforandringar som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Ein kan då fjerne vevet på eit tidleg stadium, noko som kan førebygge utvikling av kreftsjukdomen.

Kreftforeininga har ei «sjekk deg»-kampanje for å få fleire til å ta celleprøve, og denne kampanjen har no inspirert ei lokal gratiskampanje i Vest-Telemark. For å få fleire til å sjekke seg, får no alle kvinner mellom 25 og 69 år som er busett i Fyresdal, Kviteseid, Seljord og Vinje tilbod om gratis celleprøve frå livmorhalsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilbodet gjeld i veke 3, frå 15. til 18. januar, og ein møter på helsestasjonen i Åmot for å ta prøva. Gratisundersøkingane er finansiert av eit spleiselag mellom dei fire kommunane.

– Det har faktisk kome ein god del timebestillingar alt. Me har nok treft ein marknad, seier Byggland, som har ansvar for timebestillingane i gratiskampanjen.

– Men det er framleis ledige timar.

Kva med Tokke og Nissedal?

Også Tokke er med i jordmorvaktsamarbeid med dei fire kommunane som har celleprøvekampanje, men dei er ikkje med på gratistiltaket.

– Tokke kommune er kun med på vaktdelen i jordmorsamarbeidet, og er derfor ikkje med på dette tiltaket i veke 3, forklarar avdelingsleiar for helse i Tokke kommune, Evy Katrin Aamlid.

– Men jordmor i Tokke kommune har over lengre tid hatt og har tilbod om delar av kvinnehelse, blant anna livmorhalsprøve, til ein rimeleg pris.

På grunn av geografisk plassering i forhold til sjukehus er Nissedal ikkje med i jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark, og det er heller ikkje her konkrete planar om ei gratiskampanje for livmorhalsprøver.

– Men det er ein kjempegod idé, så ein får jo lyst til å svinge seg rundt og ha ein slik kampanje her også, seier helsestasjonsleiar i Nissedal, Anita Haugstad Haugsjå.