Ukrainske Oleksandr Khokhlov har etablert Nissedal Hytteservice og eigen arbeidsplass i ein kommune han, kone og barn er glade for å bu i.

Oleksandr kom som flyktning. Nå har han blitt nissedøl og skapt sin eigen arbeidsplass

Etter 13 månader som soldat i krigen i Ukraina fekk Oleksandr Khokhlov løyve til å flytte ut av landet. Nå har han blitt nissedøl og har fått inntil 150 000 kroner av omstillingsstyret for å etablere sin eigen arbeidsplass.

Nissedal har blitt omstillingskommune og får årleg millionar av kroner frå staten for mellom anna å skape fleire arbeidsplassar. På omstillingsstyret sitt fyrste løyvingsmøte nyleg blei det samrøystes vedteke å gå for tilrådinga på inntil 150 000 kroner til å gjennomføre prosjektet Nissedal Hytteservice. Tilsegnet er 50 prosent av godkjente kostnader. Ein føresetnad for tildelinga er at det nye firmaet blir etablert som eit AS.

Ifylgje både integreringstenesta og firmaskiparen Oleksandr Khokhlov er han den fyrste ukrainske flyktningen som lagar sin eigen arbeidsplass i Nissedal kommune. 

Draum for programmet

Me går litt tilbake i tid. Khokhlov hadde god jobb i eit gasselskap i Ukraina. Han er utdanna elektromekanikar, har bachelor som sivilingeniør og mastergrad som energiingeniør – retning varme og gass, ikkje elektrisk.

Etter at det braut ut krig i landet, var Khokhlov soldat i 13 månader. Han var i utkanten av Kyiv då russarane måtte flykte frå byen.  Sidan Khokhlov skulle bli pappa til sitt barn nummer tre, kom han opp i eit barnetal som gav løyve til å reise ut av Ukraina og slutte i militæret. 

Khokhlov med kone og barn kom til Noreg i september 2023 – og til Treungen to månader seinare. Ikkje lenge etterpå byrja han å lære seg norsk. Han deltok i introduksjonsprogrammet og hadde språkpraksis med jobb i Åmli-verksemda Halvorsens elektriske, som har ein del oppdrag i den nye heimkommunen til Khokhlov.

– Me bur i Treungen sentrum, likar det veldig godt og vil bu her også i framtida, seier Khokhlov.

Sjølvsagt er han veldig godt nøgd med å ha fått inntil 150 000 kroner i omstillingsmidlar. Løyvinga er ei stor støtte for Khokhlov med tanke på å skape eigen heiltidsarbeidsplass.

– Denne saka er akkurat draumen for omstillingsprogrammet – busetting/familie med barn og nye arbeidsplassar. Det er ikkje eit slikt hytteserviceselskap i kommunen frå før, og hyttenæringa i Nissedal ynskjer Khokhlov velkomen, seier Kristoffer Lyngvi, leiar av omstillingsprogrammet.

Heilskapleg service

I Nissedal kommune er det rundt 2500 hytter. Khokhlov ynskjer mellom anna å hjelpe eigarane med å leige ut hytta. Lyngvi fortel at det er 6,5 prosent av hytteeigarane i kommunen som leiger ut fritidsbustaden sin.

– Men det er 30 prosent som ynskjer å leige ut. Med 30 prosent utleige kan kommunen få mange fleire gjester, og både meir handel og anna. Nå har me eit selskap som kan gjere hytteeigarar trygge på utleige, seier Lyngvi, og legg til at kanskje veks det nye firmaet slik at det blir fleire tilsette der.

Firmaet til Khokhlov skal tilby ei heilskapleg serviceløysing for hytteeigarane, dei som kanskje har utfordringar som:

* Mangel på tid til vedlikehald av hytta.

* Behov for tilsyn og service mellom sesongane.

* Treng hjelp ved uventa situasjonar som storm, snøfall eller anna.

Khokhlov kan til dømes hjelpe med reingjering av hytter, gjere klart til utleige, ha tilsyn og nøkkelhandtering og stå for ulike vaktmeistertenester også utvendig. Vidare kan han formidle handverkstenester.

– Eg har alt hyttekundar. Vidare har eg avtale med Novasol som kanskje har opptil 30 utleigehytter tilgjengeleg i Nissedal, seier Khokhlov, klar for å jobbe på sin eigen arbeidsplass framover.

Powered by Labrador CMS