Rekorddyr straum kjem på toppen av større drivstoffutgifter, dyrare matvarer og høgare renter. No bør du ta grep for å komme deg økonomisk heilskinna gjennom vinteren. Foto: Paul Kleiven / NTB / NPK

Økonomar: Vinteren blir truleg rådyr – du bør stramme inn no

Straumprisane held fram med å vere skyhøge denne vinteren og legg ytterlegare stein til byrda for hushalda. Du bør stramme inn allereie no, oppmodar økonomar.

– Det som bekymrar meg, er at dei med dårleg råd og som har det ekstremt tøft no, vil få det endå tøffare gjennom vinteren, seier forbrukarøkonom Cecilie Tvetenstrand i Storebrand til NTB.

– Nordmenn bør no rette merksemda mot straumrekningane som kjem i januar og februar. Det er nok fornuftig for mange å leggje til side noko av julepengane til utgiftene som kjem då, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje berre er straumprisane rekordhøge, men drivstoff er rådyrt, og matvarer er venta å stige ytterlegare i pris, poengterer ho. Som om ikkje det er nok, har Noregs Bank varsla fleire renteaukar – den første truleg allereie om eit par veker.

Deretter skal styringsrenta opp med 1 prosentpoeng til 1,5 prosent ved utgangen av neste år. Det betyr at bustadlånsrenta kan auke til rundt 3 i same periode.

– Det er ingenting i den korte rentemarknaden som indikerer at Noregs Bank kjem til å fråvike planen om å setje opp styringsrenta i desember. Det må vi berre belage oss på at kjem, seier ho.

Svarer til 1,5 prosent rente

– No kjem alt på ein gong. Det er ikkje nokon tvil om at det dreg seg til for lommeboka til vanlege folk, seier forbrukarøkonom Magne Gundersen i Sparebank 1.

Viss straumprisane held seg på gjennomsnittleg to kroner per kilowattime gjennom desember, vil det svare til det same auka kontantutlegget som ein renteauke på 1,50 prosenteiningar, poengterer sjeføkonom Kjetil Martinsen i Swedbank overfor Dagens Næringsliv.

– Det er openbert at auken i straumprisane har ein kraftig innstrammende effekt på hushalda, seier han.

Gundersen ber deg tenkje gjennom straumforbruket gjennom vinteren; kan du til dømes stengje av rom som ikkje treng oppvarming, redusere romtemperaturen eit par grader og ikkje stå i dusjen like lenge som du pleier?

– Renta kan vi i lita grad påverke, men vi kan gjere noko med straumforbruket, som i dei fleste norske heimar går til oppvarming av vatn og luft. Her det ting vi kan gjere som faktisk verkar, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rentebrems i sikte

Gundersen seier det dessutan er mogleg at Noregs Bank indirekte kan komme hushalda til hjelp ved å utsetje renteauken i desember. Han poengterer at redusert kjøpekraft i hushalda vil ha ein nedkjølande effekt på økonomien, ved at forbruket ikkje veks like kraftig som venta.

Det er venta ein vekst på rundt 10 prosent i forbruket, noko som for alvor skulle setje fart i gjeninnhentinga etter at pandemien lamma økonomien. Viss hushalda må bruke vesentleg meir på å dekkje løpande utgifter, kan det tenkjast at dei er meir avventande til å bruke sparepengane sine på forbruk.

– Eg ser ikkje bort frå det. Noregs Bank ser på det heilskaplege biletet, der forbruket berre er éin del. Men renta blir sett opp for å kjøle ned økonomien, og ein kraftig auke i straumprisen gir nettopp nedkjøling, seier han.

Disponibel realinntekt kjem til å utvikle seg svakare enn sentralbanken anslo i september. Med straumprisar på dagens nivå gjennom vinteren kan Noregs Bank sjå langt etter nesten 10 prosent auke i forbruket, meiner Martinsen i Swedbank.

– Eg trur ikkje rentehevinga no i desember står i fare, men uvissa rundt rentehevinga i mars har auka, seier han.

(©NPK)