Marie Tveiten lanserte den nye plata si

Kvinne med akustisk gitar sit framfor mikrofon.
Marie Tveiten.

– Oi. Det var betre enn eg trudde. Endå det var så mange Tveitenar her

Familie, venner, fans og andre interesserte fann vegen til Morgedal Rør laurdag for plateslepp. 

Publisert Sist oppdatert

På «scena» – inngangen til lageret  i Seljord – stod Marie Tveiten. Oldefaren hennar starta opp bedrifta som nå har blitt 80 år. Derfor var dette ein naturleg arena når ho sleppte sitt fyrste album; Ingen kjenner meg som deg. 

– Det følest meir rett enn på ein fancy pub i byen, seier Marie til VTB etter sleppfesten. 

– Det var så stas at så mange kom!

Sjå video frå platesleppet: 


– Korleis er det å spele for så mange kjentfolk?

– Eg trudde det skulle vera meir skummelt. Men det var berre fint. Eg reknar med dei fleste som er her heiar på meg, seier ho med eit smil. 

– Og så har eg lært meg til å bry meg mindre om å tenke på kva folk synest, legg ho til. 

Ho spela seks låtar frå albumet i minikonserten. Etterpå var det kaffi og kaker, sal av effektar – og signering og fotografering. 

Deretter gjekk turen vidare til Morgedal der familien Tveiten skulle feire Vidar – Maries bestefar – som er 80 år. 

Ung kvinne i rosa kjole ser på mobilen framfor ein scene utandørs.
Remi Nerbø kjøpte vinyl-plate og fekk ho signert.
To musikarar opptrer framfor eit raudt banner ved Morgedal Rør AS.
Sju personar står framfor eit bygg med skiltet «Norheimsdahl Rør AS».
Søskena Tveiten som var samla på sleppfesten. Bak: Jon, Dag, Randi, Svein og Torstein. Framme: Hildegunn, Vidar, Olav. Sigrid manglar.
To kvinner på scene deler ut ein blomsterbukett framfor mikrofon.
Etter konserten fekk Marie blomar av tante Gunhild Tveiten Golid.
Mange menneske står og sit samla utanfor eit bygg under open himmel.
Mange hadde tatt turen til lageret til Morgedal Rør laurdagsettermiddagen.
Ei kvinne syng i mikrofon på ein scene.
Marie Tveiten
Powered by Labrador CMS