Odd Arne helsar til familien i Lofoten
Namn: Odd Arne Ravn
Alder: 36 år
Bur: Rauland
Gjer: Tømrar for Skorve Entreprenør
Kva er planane dine denne sommaren?
Det er å få seg ein tur opp til familien i Lofoten. Der er vêret kanskje ikkje optimalt til å bade og sole seg. Den hetebylgja me har her no, har me nytta godt med strandbesøk kvar dag.
Har du eit sommarminne du vil dele?
Då eg var på toppen av Stetind i 2015. Det var verkeleg ein tur som eg aldri kjem til å gløyme.
Kven gjorde sist noko for deg som du sette pris på?
Sambuaren min og tvillingane våre gjer dagleg ting for meg som eg set pris på.
Kva opptek deg i lokalmiljøet?
Sidan eg no har tvillingar på 7 år er det vel alle aktivitetane barn og ungdom har moglegheit til å vere med på. Det er mykje å gjera for barn og ungdom på Rauland, frå golfsimulator og frisbeegolf, til fotball, ski, klatring, i tillegg til mykje meir. Det set eg ufatteleg pris på.
Kvar i Vest-Telemark vil du helst vera ein fin sommardag?
Eg hadde villa vore høgt til fjells. Men med temperaturane me har no for tida, og med barn, så er strendene ved Totak eller Lognvikvatn staden å halde seg. Der får ein kjølt seg ned viss det blir for varmt. Gjerne kombinert med ein båttur.
Kva ville du vist til nokon som kom til Vest-Telemark for fyrste gong?
Ein kjem ikkje utanom det å vise dei naturen og dyrelivet me har her.
Har du eit ord eller uttrykk frå Vest-Telemark du likar godt?
Når lauvet er stort som eit museøyre, bit fisken.
Nokon du vil sende ei sommarhelsing til?
Vil gjerne sende ei sommarhelsing til familien i Lofoten/Vesterålen, som no sit med sydvest i 11 grader og regn. Me prøvar å ta med oss litt sol når me køyrer nordover!