NOVEMBER: Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland får Dialektprisen av Norsk Målungdom for sin mangeårige bruk av dialekt og nynorsk. Foto: Gitte Johannessen / NTB / NPK

Nynorsknytt i året som gjekk

2023 vil for alltid bli hugsa som året då Jon Fosse fekk Nobel-prisen for sin nynorske forfattarskap. Men det var også året då me fekk BankID på nynorsk, det første nynorskkurset i Duolingo-universet og Noregs Mållag passerte 15.000 medlemmer.

Januar

* Årsmøtet i Mållaget Ivar Kleiven i Vågå ber om at skilting langs vegane i nynorskkommunen Vågå blir på nynorsk. Uttala blir sendt ordførar og kommunedirektør, med kopi til Statens vegvesen og Noregs Mållag, i håp om at laget nasjonalt følgjer opp.

Februar

* NRK publiserer tala for nynorskinnhald i 2022. 25 prosent av innhaldet på kvar NRK-plattform skal vere på nynorsk. I 2022 var det berre på TV at NRK hadde ein nynorskdel på meir enn 25 prosent. 27,2 prosent av innhaldet var på nynorsk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mars

* Skodespelar ved Det Norske Teatret, Morten Svartveit frå Voss, får Hulda Garborg-stipendet for 2022. Prisen går til skodespelarar som spelar på nynorsk. Svartveit er mellom anna kjent for roller i NRKs dramasatsing «Heimebane» og «Gutta på skauen», HBO-serien «Beforeigners» og TV-serien «Pørni» og filmen «Gulltransporten» på Viaplay.

April

* Runar Gudnason i gruppa Side Brok luftar frustrasjonen sin over manglande nynorskbruk ved Ivar Aasen-hotellet i Ørsta. Til lokalavisa Møre-Nytt seier han: – Ein kan byrje å lure på om dei veit kven Ivar Aasen var i det heile. Han siktar til at hotellet, som er oppkalla etter nynorsken sin far, ikkje brukar nynorsk gjennomgåande på nettsidene sine, og at heile menyen også står på bokmål. Reiselivsdirektør i Havila, Gunther Dahler, svarar at bokmålsbruken er ein glipp i rutinane og lovar endring.

* Ragnhild Jepsen frå Ål i Hallingdal blir vigsla som Bjørgvins nye biskop. Jepsen brukar nynorsk både som forkynnar og formidlar. Den tidlegare domprosten i Nidaros fekk i fjor Trønderlagets målpris for å ha vore den som gjorde mest for nynorsken i regionen i 2022.

* Eit knapt fleirtal i kommunestyret i Hjartdal i Telemark vedtek at ungdomsskulen skal byte frå nynorsk til bokmål frå hausten. Elevane i kommunen har fram til no hatt nynorsk som hovudmål til og med ungdomsskulen.

Mai

* Nyheitsopplesar i NRK; Vidar Eidhammer frå Vindafjord i Rogaland, blir tildelt Alf Helleviks mediemålpris for 2022.

* Utdanningskomiteen seier nei til å sikre nynorske læringsressursar som er laga for skulen. Både Utdanningsforbundet, Forleggerforeningen, Språkrådet, Nynorsksenteret, Noregs Mållag, Norsk Målungdom og 121 ordførarar i Noreg bad om ei lovendring som skulle sikre dei nynorske læringsressursane.

* Gaming-journalisten Øystein Furevik frå Førde i Sunnfjord i gamer.no blir årets vinnar av Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar.

* Therese Garshol Syversen blir tildelt «Trollkrittet» for ungdomsromanen «Sting». Trollkrittet er Norske barne- og ungdomsbokforfattarar sin debutantpris og går til ein lovande barne- eller ungdomsbokdebutant. Dette er fyrste gong ei bok på nynorsk vinn prisen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Juni

* Ei undersøking gjennomført av Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Nynorsk kultursentrum viser at berre éin firedel av nynorskkommunane opplever at staten skriv mest nynorsk til dei. Den nye språklova frå 1. januar 2022 set krav til at staten skal kommunisera med nynorskkommunane på nynorsk. Berre tre av dei 58 nynorskkommunane som svara sa at statlege organ har blitt flinkare til å skriva nynorsk etter at språklova tok til å gjelda.

* Framtida Junior får prisen «Årets nynorskbrukar 2023» av Nynorsk kultursentrum for å bryte veg for meir nynorsk på digitale medieflater og for å skrive om varierte emne for 7–13-åringar.

* NTB og Nynorsk pressekontor (NPK) signerer ein ny samarbeidsavtale. Målet er løfte fram nynorsken til det norske medielandskapet, også gjennom språkteknologi. NPK har sidan 2018 bygd opp den opne kjeldekoden Apertium, som blir nytta i Nynorskroboten. Samarbeidsavtalen med NTB gjer vidareutvikling og vedlikehald av roboten praktisk mogleg.

Juli

* Ein rapport frå Kulturdirektoratet viser at ein stor del av konsert- og teaterscenene slit med å trekkje publikum etter pandemien. Ved Det Norske Teatret, som speler alle framsyningar på nynorsk, har dei hatt 33 prosent nedgang i talet på besøkjande sidan 2019. Teateret har sett i gang kronerullinga «Tett gapet» for å bøte på tapte inntekter og gje politikarane eit tydeleg signal om at den nye språklova og likestilling mellom bokmål og nynorsk også må synast gjennom løyvingane til institusjonane.

* Målmann Jens Brekke får forenkla førelegg for å ha køyrt for fort. Brekke vil gjerne betale, men krev at han å få blanketten på nynorsk. Politidirektoratet og Sivilombodsmannen tolkar lovverket dit at Brekke ikkje har krav på nynorskblankett, medan Kulturdepartementet tolkar lova til at målbruk i offentleg teneste gjeld alle stader. Politiadvokat Bente Lind seier dei er glade for at Brekke gjorde dei merksame på mangelen på nynorsk i systemet deira og håper dei kan få på plass ei løysing som tilbyr førelegg på begge målformer i framtida.

August

* Nynorsk er for første gong tema under Arendalsveka. I programposten «Vil den nye språklova redde nynorsken?» diskuterer teatersjef Erik Ulfsby (Det Norske Teatret), leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge, dagleg leiar i Nynorsk Bedriftsforum, Monika Haanes Waagan og Svein Olav Langåker, som er dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar, mellom anna spørsmålet om korleis ein kan få på plass sanksjonar for brot på språklova.

* Reiarlaget Fjord1 og matkonseptet Ferdamat får Storegutprisen for god bruk av nynorsk i det offentlege rom.

September

* Nynorskhuset i Førde opnar. Dei 5500 kvadratmetra huser no Teater Vestland, NRK Vestland og avisa Firda.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Noregs Mållag og Norsk Målungdom får over 100 nye medlem på grunn av FpU sin bruk av «F**k nynorsk»-bannarar i skulevalkampen i Bergen.

* Ei spørjeundersøking utført av Norstat på oppdrag for Nynorsk kultursentrum, Noregs Mållag og Nynorskhuset i Førde, viser mellom anna at berre 56 prosent av nynorskbrukarar føler det er akseptert å skriva nynorsk i lokalsamfunnet sitt. Blant studentar har heile éin av tre fått negative tilbakemeldingar fordi dei skriv nynorsk.

Oktober

* Svenska Akademien kunngjer at Jon Fosse blir tildelt Nobelprisen i litteratur for 2022. I den etterfølgjande pressemeldinga rettar Fosse også ein stor takk til nynorsken: «Ikkje minst vel eg å sjå pristildelinga som ein pris til nynorsken og til den nynorske målreisinga. Anten eg vil eller ei, må eg i namnet til sanninga takke nynorsken for prisen», skriv han.

* Det første nynorskkurset i Duolingo-universet, «Duosoger», blir lansert. Appen Duolingo og nettstaden Duostories har etablert kurs i store verdsspråk, i tillegg til mindre språk, urspråk og fantasispråk for dei over 100 millionar brukarane verda over. Det er privatperson og nynorskentusiast Johanna Breivang som står bak nynorskoppgåvene i «Duosoger».

*Journalist og kommentator Jon Hustad døyr. Hustad var sidan 2009 ei markant stemme og ein profilert kommentator i avisa Dag og Tid. Han skreiv om økonomi og politikk, var utdanna historikar og gav ut ti bøker.

November

* Teatersjef Erik Ulfsby på Det Norske Teatret får Målprisen frå Noregs Mållag. Prisen går til personar eller institusjonar som har gjort ein særleg viktig innsats for nynorsken. I grunngjevinga blir det særeigne språkoppdraget til teateret og korleis Erik Ulfsby har forvalta dette, trekt fram.

* Frode Grytten vinn årets Bragepris for beste skjønnlitteratur for romanen «Den dagen Nils Vik døde».

* Det nasjonale Medietilsynet får Målblomen frå Mållaget, for å vera det einaste statsorganet som følgjer språklova. I rapporten sin for 2022 har Språkrådet kartlagt 15 departement, 161 statsorgan og Statsministerens kontor. Av desse var Medietilsynet det einaste statsorganet som følgjer lova i alle kategoriar. Det er paragraf 13 i språklova som stiller språkkravet: «Sentrale statsorgan skal over tid bruke minst 25 prosent av både bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument.»

Artikkelen held fram under annonsen.

* Brynjulf Jung Tjønn blir tildelt Nynorsk litteraturpris 2022 for diktsamlinga «Kvit, norsk mann» gjeven ut på forlaget Cappelen Damm.

* Medlemstalet til Noregs Mållag når 15.000.

* Olav Øyehaug Opsvik blir tilsett som ny direktør i Nynorsk kultursentrum. Ei snau veke seinare blir det kjent at Reidar Sandal trekkjer seg som styreleiar med umiddelbar verknad grunna «spenningar i styret».

* Ei undersøking gjort av Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa viser at lærarstudentar kan fullføre studiet utan å bli vurderte i nynorsk – trass i at over 70.000 elevar her i landet skal ha undervising og oppfølging på nynorsk i alle fag. Ifølgje emneplanane som er undersøkt, må ikkje studentane som tek praktisk pedagogisk utdanning (PPU) og lektorutdanning i andre fag enn norsk, skrive noko som helst på nynorsk i løpet av utdanninga.

* Eit nesten einstemmig formannskap i Ålesund vedtek at dei ønskjer ein språknøytral kommune. Berre SV-representanten stemte imot forslaget. Ålesund har vore den største nynorskkommunen i landet sidan 2019. No blir det valfritt for dei tilsette å bruke enten nynorsk eller bokmål. Kommunen skal òg melde seg ut av Landssamanslutninga for nynorskkommunar.

* Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland får Dialektprisen av Norsk Målungdom for mangeårige bruk av dialekt og nynorsk.

* Nyheita om at Donald Duck skal snakke dialekt store delar av 2024, blir kjent. Bladet fyller 75 år i Noreg neste år, og skal markere jubileet ved å gje kjende ambassadørar for utvalde dialektar omsetje ei Donald-historie til den lokale språkdrakta si.

* BankID har vore tilgjengeleg på bokmål og engelsk i 20 år. No kan du endeleg velja nynorsk. For å få nynorsk BankID må du gå inn på innstillingane på telefonen eller PC-en og setja språket til nynorsk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Desember

*Jon Fosse heldt Nobel-tala si i Sverige og blir overrekt Nobelprisen i litteratur av kong Carl Gustaf av Sverige. Rundt om i heile Noreg er det arrangement og feiringar til ære for strandebermingen.

(©NPK)

JUNI: Framtida Junior får prisen «Årets nynorskbrukar 2023» av Nynorsk kultursentrum for å bryte veg for meir nynorsk på digitale medieflater og for å skrive om varierte emne for 7–13-åringar.
MAI: Therese Garshol Syversen blir tildelt «Trollkrittet» for ungdomsromanen «Sting». Trollkrittet er debutantprisen til Norske barne- og ungdomsbokforfattarar. Dette er fyrste gong ei bok på nynorsk vinn prisen. Foto: Samlaget
NOVEMBER: Nyheita om at Donald Duck skal snakke dialekt store delar av 2024, blir kjent. Bladet fyller 75 år i Noreg neste år, og skal markere jubileet ved å la kjende ambassadørar for utvalde dialektar omsetje ei Donald-historie til språkdrakta si. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK
MARS: Skodespelar Morten Svartveit får Hulda Garborg-stipendet for 2022. Svartveit er mellom anna kjent for roller i NRKs dramasatsing «Heimebane» og «Gutta på skauen» og filmen «Gulltransporten» på Viaplay. Foto: Erika Hebbert
AUGUST: Reiarlaget Fjord1 og matkonseptet Ferdamat får Storegutprisen for god bruk av nynorsk i det offentlege rom. Foto: Halvard Alvik / NTB / NPK
AUGUST: Nynorsk er for første gong tema under Arendalsveka i programposten «Vil den nye språklova redde nynorsken?» Foto: Mona Hauglid / Arendalsveka
NOVEMBER: Brynjulf Jung Tjønn blir tildelt Nynorsk litteraturpris 2022 for diktsamlinga «Kvit, norsk mann» gjeven ut på forlaget Cappelen Damm. Tjønn er i dag leiar av Den norske Forfatterforening. Foto: Maria Kleppe Vihovde / Cappelen Damm
NOVEMBER: BankID blir tilgjengeleg på nynorsk, ved at ein går inn på innstillingane på telefonen eller PC-en og set språket til nynorsk.
APRIL: Ragnhild Jepsen frå Ål blir vigsla inn som Bjørgvins nye biskop. Jepsen brukar nynorsk både som forkynnar og formidlar. Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK
NOVEMBER: Ålesund, som har vore den største nynorskkommunen i landet sidan 2019, vedtek at dei skal bli ein språknøytral kommune. Kommunen skal òg melde seg ut av Landssamanslutninga for nynorskkommunar. Foto: dconvertini / CC BY-SA 2.0,
OKTOBER: Det første nynorskkurset i Duolingo-universet, «Duosoger», blir lansert. Det er privatperson og nynorskentusiast Johanna Breivang som står bak kurset. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
OKTOBER: Historikar, forfattar og journalist Jon Hustad frå Bondalen døydde 12. oktober. Hustad jobba mellom anna i Klassekampen, var forskingsredaktør i Morgenbladet. Frå 2009 var han tilknytt Dag og Tid. Foto: Karoline Riise Kristiansen / NPK