For mange er covid ein forbigåande sjukdom, men for nokre følgjer seineffektar i lengre tid etterpå. Eit nytt og lovande behandlingsopplegg i Hardanger gir håp om god behandling mot longcovid. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Ny behandling for longcovid gir lovande resultat

Fleire lir av seineffektar etter koronasjukdom. No har eit behandlingsopplegg i Hardanger fått internasjonal merksemd på grunn av lovande resultat.

Det finst ulike behandlingar mot seinfølgjer av covid-19, og ei behandling i Øystese i Hardanger viser no lovande resultat, skriv forskning.no. Behandlinga går over tre dagar der pasientane får oppfølging tre, seks og tolv månadar etter behandlingsslutt.

Ei tverrfagleg gruppe beståande av fysioterapeutar, legar, psykologar, ernæringsfysiologar og farmasøytar følgjer opp pasientane gjennom opplegget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjennom behandlinga får pasientane undervisning i koronasjukdommen og korleis han påverkar kroppen i kombinasjon med fysisk trening og merksemdsøvingar.

Vanlege symptom på seineffektar er utmatting, dårlegare hugs, søvnproblem, hjernetåke og tung pust.

Etter behandlingsslutt kunne forskingsleiarane melde at færre rapporterte om utmatting, færre sleit med tung pust og sjukmeldingsnivået gjekk ned.

(©NPK)