Kraftanalytikarane NTB har snakka med, trur det vil ta litt tid før kraftprisane vil stige gradvis utover hausten. Foto: Marius Helge Larsen / NTB / NPK

No stig straumprisen igjen

Straumprisane har vore låge fleire dagar i Sør-Noreg, men no stig prisane kraftig på nytt. Kraftanalytikarar forventar at prisauken vil halde fram.

Medan kraftprisen i Oslo, Kristiansand og Bergen var på låge 20 øre 6. oktober, var han auka til 165 øre måndag på kraftbørsen Nord Pool.

Kraftanalytikar Fabian Rønningen i Rystad Energy seier det først og fremst er to grunnar til at kraftprisane har falle.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har blåse og vore mykje vindkraft både i Noreg og på kontinentet, og det har vore ein nedgang i gassprisane, seier han til NTB.

Prisane på vasskraft har likevel vore høge. Og i tida framover forventar Rønningen at prisane på både vindkraft og gass vil auke, samtidig som prisane på vasskraft held fram på eit høgt nivå. Dermed ventar han også at straumprisane vil auke gjennom hausten og vinteren.

Det same trur kraftanalytikar Ole Tom Djupskås i London Stock Exchange Group (LSEG).

Ventar opp mot fire kroner

Rønningen trur det mest sannsynlege scenarioet er at vi raskt får prisar på opp mot fire kroner per kilowattime i dei dyraste månadene – januar og februar.

– Det er ganske stor risiko for at prisane kjem opp på 3–4 kroner i snitt på Austlandet så fort ein kjem tilbake til ein meir normal vindkraftsituasjon, seier Rønningen.

Samtidig understrekar han at uvissa er stor, spesielt fordi produksjonen av vindkraft er vanskeleg å føreseie.

– Vindkraft er vanskeleg å seie noko om utover varselet som går to veker fram i tid, konstaterer han.

Han viser til at også marknaden forventar høge prisar fram i tid. Måndag ettermiddag vart kraftkontraktar for januar og februar selt for høvesvis 3,8 og 3,7 kroner i den europeiske kraftmarknaden (børsane Nasdaq, OMX og Baseload). For november og desember er prisane noko lågare, på høvesvis 2,2 og 2,8 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rønningen understrekar at tilgang på vasskraft kan gi noko lågare kraftprisar i Noreg enn i land som Tyskland og Italia.

Maks 5 kroner

I verste fall trur Rønningen at det kan ende med at straumprisen når 4,5-5 kronar i dei verste månadene, men det trur han ikkje er veldig sannsynleg.

– I eit veldig negativt scenario kan det skje i desember, januar og februar. Men då må det til ei veldig forverring i gassmarknaden. Over det trur eg er urealistisk, seier Rønningen.

Viss det går så bra som mogleg trur han prisane kan no eit gjennomsnittleg nivå på 1,5-2 kronar i dei same månadene. Og i så fall trur han vasskrafta, i tillegg til god tilgang på vindkraft, er nøkkelen.

– Det er veldig vanskeleg å gjere noko med vasskrafta, men no har mange av vasskraftprodusentane spart vatn over såpass lang tid at det kan gå andre vegen òg. Vi kan få timar med prisar som er ganske mykje lågare enn på kontinentet, Rønningen.

Han trur likevel sannsynet er låg for det mest optimistiske scenarioet.

– Det er vanskeleg å setje noko eksakt, men eg vil seie under 20 prosent. Det høgaste scenarioet, på 4,5-5 kronar, vil eg seie er meir enn 40 prosent sannsynleg, seier han.

Når det er Austlandet og Sørlandet som får svært høge prisar, er grunnen at desse landsdelane er tettast kopla på kraftmarknaden i Europa. Sidan Trøndelag og Nord-Noreg er mindre kopla saman med Europa forventar han at prisane vil halde fram med å vere låge der.

Artikkelen held fram under annonsen.

Noko lågare ei stund

Ole Tom Djupskås i LSEG trur det vil ta litt tid før vi ser prisnivået som var i september i Sør-Noreg.

– Vi forventar eigentleg at det framleis blir høg vindkraftproduksjon og våtare enn normalt i resten av oktober. Det betyr at vi framleis får eit noko lågare prisnivå, seier han til NTB.

På noko lengre sikt trur Djupskås prisnivået kjem til å stige mykje.

Som Rønningen trur Djupskås prisane blir høgare frå november.

– I november og desember forventar vi ein litt meir normal vêrtype, og det er ikkje noko som indikerer at det blir veldig vått eller vindfullt. Dermed vil nok prisane stige igjen, konstaterer han.

Han seier prisane på kraftbørsane tilseier kraftprisar på gjennomsnittleg 3,3 kroner per kilowattime i gjennomsnitt for november og 3,9 kroner for desember. Då er ikkje prisane inkluderte moms eller påslag frå straumleverandør.

LSEGs prisprognosar ligg likevel lågare, med 2,5 kroner per kilowattime for desember og 1. kvartal neste år.

(©NPK)

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Føreslår straumstøtte til kvar husstand