NM-vinnar Lars deltok i åtte skyteklasser. – Eg hadde ikkje våpen til fleire
Førre helg stakk Lars Berge frå Morgedal av med gullet i to klasser i NM i pistolskyting.
Det er til saman elleve klasser i pistol-NM, og det ulike typar våpen i kvar klasse.
– Eg stilte i åtte klasser, for eg hadde ikkje våpen til fleire, fortel Berge til VTB.
På førehand hadde han mest tru på klasse P9, standard pistol med fast sikte.
– Men der blei eg dårlegast – nummer 12, ler han.
Klassene han vann var P6 (standard revolver, 4,25 tommar) og P11 (standard semiautomat, 3,65 tommar). I begge desse klassene skaut han til saman 48 skott på fire ulike avstandar til blinken, og det vart berre niarar og tiarar på morgedølen.
Heftig tidspress
Eit heftig tidspress med lading undervegs gjer at det er strenge tryggleikskrav i NM-øvingane, og ein må ha eit eiget tryggleikskurs for å delta. Skyteøvingane Berge gjekk til topps med gjekk føre seg på følgjande måte:
På tre meters avstand stod Berge med våpenet i hylsteret og seks skott i tønna eller magasinet. Då pipesignalet gjekk hadde han åtte sekund på å trekke våpenet og skyte alle seks skotta mot blinken.
På sju og femten meters avstand hadde han 20 sekund på seg til å skyte tolv skott. Då måtte han skyte tom tønna eller magasinet ein gong, lade på nytt og tømme det ein gong til.
På tjuefem meters avstand måtte han skyte 18 skott på 90 sekund, og lade om to gonger undervegs. Dei fyrste seks skotta skaut han kneståande med høgre hand. Dei neste seks ståande med venstre hand, og så seks til ståande med høgre hand.
Desse fire skytingane gjorde Berge både med revolver og semiautomatisk pistol. Han hausta 466 poeng med revolveren (P6) og 454 med pistolen (P11) – og begge poengsummane heldt til gull.
Fyrste NM-medaljane
Berge har aldri kome på pallen i eit NM før.
- Eg har vunne premiar før, men aldri medalje i NM.
Det var 38 skyttarar med, og Berge konkurrerte mellom anna mot brørne Christian og Haakon Hegstad, som tok bronse i lagskyting i pistol-VM i august. Dei hadde han ingen tru på at han kunne slå – men det gjorde han.
– Dei skaut heilt på slutten, og eg var sikker på at dei skulle ta det. Men dei rota det til, og det skjer visst med dei beste.
Berge tok i tillegg fjerdeplassen i tre NM-klasser til: P5 distinguished pistol (60 skott), P7 kort revolver (48 skott) og P4 revolver (60 skott).
– Kva gjer at du likar pistolskyting?
– Det er knallmoro, kjem det kjapt frå Berge.
– Det er litt action og litt presisjon.