Rådmann i Seljord: Rikke Raknes.

Nå er det mogleg å søke kommunen om stønad. – Håpar å behandle dei fyrste søknadene alt før jol

I førre veke løyvde kommunestyret i Seljord inntil 2,5 millionar kroner til husstandar med låg inntekt.

Seljordrådmann Rikke Raknes seier administrasjonen har skunda seg for å få dette på plass. Søknadsskjema og informasjon er nå ute på kommunens heimeside. Rådmannen håpar dei kan behandle dei fyrste søknadene til veka slik at det er mogleg å betale ut noko før jol.

– Resten vil bli tatt på nyåret. Ordninga varer ut januar, opplyser Raknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Gjev 2,5 millionar til innbyggarane med låge inntekter: – Dette er ei handsutstrekking til dei med lågast inntekt

Dei som får innvilga støtte vil få ei eingongsutbetaling på 2000 kroner for husstandar utan born og 4000 for husstandar med born. Ordninga skal vere enkel, ubyråkratisk, og utbetalast snarast råd.

Kriterium for å få støtte

– Støtta vert gjeve til husstandar med bustadsadresse i Seljord kommune.

– Søkjar må vere fylt 18 år.

– Stønad vert gjeve til husstandar utan born, som har ei samla brutto inntekt under 350.000 kroner (siste skattemelding gjeld).

– Stønad vert gjeve til husstandar med born, som har ei samla brutto inntekt under 600.000 kroner (siste skattemelding gjeld).

Kjelde: Seljord kommune