Glad: Seljord-ordføraren var fornøgd med at eit samla kommunestyre bestemte seg for å løyve 2.5 millionar til dei som har minst, og meiner budsjettet har ein tydeleg sosial profil.

Gjev 2,5 millionar til innbyggarane med låge inntekter: – Dette er ei handsutstrekking til dei med lågast inntekt

– Eg er særleg glad for den sosiale profilen i dette budsjettet, seier Seljord-ordførar Beate Marie Dahl Eide (Sp). I årets budsjett har kommunepolitikarane sett av 2,5 millionar til familiar med låg inntekt.

Ifølge ordføraren veks 17 prosent av ungane i Seljord opp i låginntektsfamiliar, og viser til at dette er ein like stor prosentdel som i Skien kommune.

– Det er kanskje vanleg å tenke på dette som eit byproblem, men Seljord er i ei litt særstilling og har litt byproblematikk. Dette er ei handsutstrekking til dei med lågast inntekt, seier Dahl Eide til VTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Totalt sett politikarane av 2,5 millionar til husstandar i kommunen med låg inntekt. Stønaden blir delt ut som eit eingongsbeløp, 2000 til familiar utan ungar og 4000 for familiar med ungar. Husstandar utan ungar må ha ei samla inntekt under 350 000 kroner, og for familiane med ungar må dei ha ei samla inntekt under 600 000 kroner om dei skal kunne vere ein del av ordninga.

– Det er skam og stigma knytt til det å ha dårleg økonomi, og det bør det ikkje vere, sa Dahl Eide til kommunestyret torsdag, og peikte på at sjølv om ikkje beløpet er veldig stort for kvar familie kan det utgjere ein stor skilnad. Det kan vere det vesle ekstra som skal til for å kjøpe nye vintersko, ei boblejakke, eller betale ei rekning som har blitt liggande.

Målet til kommunen er at ordninga skal vere enkel og ubyråkratisk, og at det skal gå ganske kjapt.

Dahl Eide meiner at budsjettet som nå er vedtatt har ein god sosial profil, ikkje berre på grunn av stønaden til dei med lågast inntekt. Ho peikar då på sommarskulen som alt er etablert, som er gratis og for alle elevane på heile grunnskulen, og meiner at dei ulike tiltaka alle heng saman.

– Eg er også veldig glad for «Leige til eige». Det er mange som treng bistand for å få ein eigen bustad. Med eigen bustad får dei også ein tettare tilknyting til bygda, og det er også for å lyfte folk ut av ein vanskeleg situasjon, seier ordføraren.

Eit samla kommunestyre vedtok å setje av fem millionar kvart år i perioden 2023—2026 til «Leige til eige», og fire millionar kvart år i same periode til startlån. Seljord-politikarane var også samrøystes då dei vedtok å gje 2,5 millionar i stønad til bedrifter, dette kan til dømes vere straumstøtte, men det kan også vere andre tiltak.