Mykje moro på allidretten
Kvar veke har alle barn mellom 2 og 12 år fritidstilbod på allidretten i Vrådal.
I haust har gruppa som arrangerer allidrett hatt utetrening på Vel-stranda i Vrådal sentrum med fokus på svømming og livredning. Denne veka var det fotball som stod i fokus og 10 blide barn storkosa seg i bingen ved klubbhuset til Vrådal IL. Idrettslaget nytta også høve til å gje alle barna kvar sin fotball som dei fekk med heim.
Tidlegare har allidretten hatt ulike øvingar med sykkel og sykkeltur, det har blitt halde mørkegøymsel ved grendehuset, bading i bassenget på Straand hotell, aktivitetar i gymsalen på grendehuset, opplæring på golfbanen på Fossøy og fisketurar.
Når snøen legg seg i bygda får barna tilbod om å delta på skikarusell, både i lysløypa og i slalåmbakken.
Det er foreldra som bidreg til å leie dei ulike aktivitetane i allidretten og dei meiner dette gir barna eit godt fundament for eit aktivt liv.
Barna får høve til å prøve mange forskjellige aktivitetar både ute og inne året rundt, noko dei meiner gjev eit godt utgangspunkt for å kunne delta i fleire idrettar seinare, og stimulerer barna fysisk, motorisk, sosialt og mentalt.