Mistanke om ruskøyring

Politiet hadde ruskontroll på E134 i Seljord torsdag kveld.

Politiet i Sør-Aust melder at dei kontrollerte 28 køyretøy, og at dei har ein reaksjon, etter dei hadde ruskontroll på europavegen.

– Ein person er mistenkt for å køyre i påverka tilstand, og blir meld for dette, skriv politiet på Twitter.