Fekk pris: Bård Øien.

«I 2020 prøvde han å slutte som trenar og ta det litt med ro. Det er det einaste han ikkje har lykkast med»

Bård Øien har vore fotballtrenar i Vinje i 30 år. Tysdag blei han heidra med frivilligprisen til Vinje kommune.

– Personar som stiller opp år etter år er avgjerande i barndomen og ungdomen. Dei blir heidra, men samfunnet har nok ikkje forstått den fulle betydinga av eldsjeler, sa Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven før han delte ut frivilligprisen til fotballtrenar Bård Øien frå Åmot i kommunestyret tysdag.

Øien har trena lag i heile kommunen i 30 år. Han var trenar då A-laget starta opp att på 2000-talet. Han har vore trenar for aldersbestemte lag – både gutar og jenter – og også vore individuell trenar, i tillegg til ansvaret for sonelag i Vest-Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I 2020 prøvde han å slutte som trenar og ta det litt med ro. Det er det einaste han ikkje har lykkast med, sa Kleven.

Han blei snart trenar for både G14 og G16 att. I 2022 var han igjen trenar for A-laget.

– Det er alltid koseleg med fine ord og det er moro å få prisen, seier Øien til VTB.

– Kva er drivkrafta di?

– Eg har hatt eit mål som aldersbestemt trenar om å få dei unge til å vera aktive heilt fram til dei flyttar ut av kommunen, seier han.

Nå er det A-laget han har ansvaret for. Laget byrja med sju poeng på dei tre første kampane, før det blei bråstopp i den andre omgangen mot Sannidal i sist kamp heime i Åmot. Vinje leia 2-0 til pause, men tapa 2-3.

– Det var som ein brytar blei slått av, oppsummerer trenaren og frivilligprismottakaren Øien.

Stiller opp: Bård Øien tek i eit tak for å rydde banen for snø.
Vinje-Herøya blei spelt i vinterlege kulissar. Bård Øien (bak rattet) og Tarjei Helle (bak) ryddar banen. (Arkivfoto)