Illustrasjonsfoto.

Mattilsynet melder om nytt tilfelle av skrantesjuke på Hardangervidda

– Brutal skuffelse, seier villreinnemndleiar til NRK.

«Ei reinsdyrsimle felt under jakt på Hardangervidda har testa positivt for den alvorlege dyresjukdommen klassisk skrantesjuke. Dette er det andre tilfellet av sjukdommen som er funne på Hardangervidda.»

Dette melde Mattilsynet i ei pressemelding torsdag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I kveld kjenner vi på ein brutal skuffelse og fortviling, seier Endre Lægreid som er leiar for Villreinnemda på Hardangervidda til NRK.

– Det er ein gedigen nedtur for alle som er glade i reinsdyr, og spesielt for dei som har eit ekstra hjerte for vidda, held han fram.

Vegen vidare

Det fyrste tilfellet på Hardangervidda blei funne i september 2020. Sidan då er det tatt prøver av alle vaksne dyr.

Nå er det andre tilfellet stadfesta av prøver som er analysert ved Veterinærinstituttet, melder Mattilsynet.

– Dette prøveresultatet stadfestar dessverre at villreinbestanden på Hardangervidda er smitta av skrantesjuke. Det er for tidleg å seie noko om kor mange dyr som kan vera smitta totalt. Nå skal det bli gjort nye utrekningar og Mattilsynet avventar desse, seier Inge Erlend Næsset, avdelingsdirektør for regelverk og kontroll i Mattilsynet i pressemeldinga.

Mattilsynet og Miljødirektoratet vurderer nå om det nye funnet endrar dei tilrådingane som alt blir jobba med. Etter planen skal Mattilsynet og Miljødirektoratet levere si anbefaling om vegen vidare i handterningen av skrantesjuke på Hardangervidda til departementa den 1. november.

– Me vil også ha tett dialog med lokale partar i prosessen vidare, seier Næsset.

Han seier jegerane er ein svært sentral del av kampen mot skrantesjuke.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er utruleg viktig at jegerar tar prøver for skrantesjuke av dyr dei feller under jakt. Me er imponert og svært takksame over den rolla som jegerane spelar i kartlegginga av denne svært alvorlege dyresjukdommen, seier Næsset.

Klassisk skrantesjuke

Svært alvorleg og smittsam sjukdom hos rein og andre hjortedyr. Det finst ingen behandling for sjuke dyr, og utgangen er alltid dødeleg for dyr som blir smitta. Dyra blir infisert ved opptak av prioner gjennom munnen eller nasen. Smitteoverføringa kan skje gjennom direkte kontakt mellom dyr, eller indirekte ved at friske dyr kjem i kontakt med smittestoffet i miljøet (beite, infiserte kadaver). Inkubasjonstida er lang, opptil fleire år, og dyra er tilsynelatande friske i store deler av denne perioden. Dei skil likevel ut prioner med avføring, spytt, urin og nasesekret lenge før dei viser sjukdomsteikn. Prioner beheld smitteevna sjølv etter lang tid ute i naturen.

Villreinjakta på Hardangervidda blei avslutta 30. september.

Tidlegare saker om skrantesjuke på Hardangervidda:

Les også
Skrantesjuke: – Å utrydde villreinen på Hardangervidda er veldig drastisk, men kan vere rasjonelt
Les også
«Frykta er at den skal spreie seg slik me ser i USA, der smitten er så omfattande at det døyr fleire dyr i flokken enn det blir fødd»
Les også
Skrekkscenarioet er om skrantesjuken som er påvist hos villreinen smittar over på elg og hjort
Les også
Smittsam skrantesjuke stadfesta hos villrein på Hardangervidda
Les også
– Gått med hjarta i halsen heile jakta