Illustrasjonsfoto

Smittsam skrantesjuke stadfesta hos villrein på Hardangervidda

Det er påvist skrantesjuke hos ein villreinbukk på Hardangervidda. Det er første gong den smittsame varianten av sjukdommen er funnen utanfor Nordfjella.

Mattilsynet vart varsla av Veterinærinstituttet om påvisinga torsdag kveld.

– Dette er alvorleg for den norske villreinbestanden, seier administrerande direktør Ingunn Midttun Godal i Mattilsynet i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ikkje kjent korleis reinsdyret har vorte smitta, og om smitten har spreidd seg frå Nordfjella eller om dyret har vorte smitta på anna vis.

Skrantesjuke

– Smittsam, kronisk, nevrologisk sjukdom hos hjortedyr.

– Prionsjukdom (protein som blir endra og ikkje broten ned i kroppen)

– Dyra er smittsame og sjukdomsframkallande i mange år.

– Skadar nervesystemet og er alltid dødeleg.

– Risikoen for at sjukdomen kan overførast til menneske blir rekna som «svært låg».

Kjelde: Wikipedia, villrein.no

Skrantesjuke vart påvist for første gong i Noreg i 2016. Sidan den gong har norske styresmakter hatt som mål å bli kvitt den alvorlege dyresjukdommen.

Saker om skrantesjuken frå VTB-arkivet:

Les også
– Gått med hjarta i halsen heile jakta
Les også
– Kan ikkje friskmelde vidda
Les også
Skal ta ut heile villreinsstamma i Nordfjella for å unngå spreiing av skrantesjuke til Hardangervidda