Tåka låg lågt over Møsvatn denne jaktdagen. Det blei umogleg for Morten Elgaaen frå Statens naturoppsyn og Harald Andersen frå fjelloppsynet å sjå rein.
Tåka låg lågt over Møsvatn denne jaktdagen. Det blei umogleg for Morten Elgaaen frå Statens naturoppsyn og Harald Andersen frå fjelloppsynet å sjå rein.

– Gått med hjarta i halsen heile jakta

Reinsjakta på Hardangervidda har vore prega av lite dyr og stor uro for skrantesjuken. VTB blei med Statens naturoppsyn ein dag på fjellet.

– Nei, folk reiser ikkje innover i dette vêret. Det er noko drit, sama vêret i fleire veker. Det blir ein kjøtlaus vinter.

Jegeren har stoppa opp og Morten Elgaaen frå Statens naturoppsyn dukkar hovudet ut bilruta. Me har akkurat svinga inn på Kromvikvegen i Rauland der Stein Håvard Vågen har tatt ein tur morgontur med bikkja. Tåka ligg lågt og det ser ikkje lovande ut denne jaktdagen heller.

Artikkelen held fram under annonsen.

Åtte dagar i strekk på tur

– Det er det som er problemet. Det er mange dyr i området, men du ser dei ikkje i tåka, seier Vågen som hadde sin 14. jaktdag for året dagen før.

Reinsdyrjakta starta 20. august og var ferdig sist veke. Gjennom heile perioden er Statens naturoppsyn ute med to mann rundt om på Hardangervidda, for å vere til hjelp for jegerane og kontrollere at alt går rett for seg. Denne tåkefulle onsdagen er VTB med på slep saman med Morten Elgaaen og Harald Andersen frå fjelloppsynet. Dei går vakter på åtte dagar, og er ofte ute på vidda heile vakta i strekk.

– Det er ein triveleg jobb for me som er glade i å vere ute. Men klart det er jo berre medium moro å starte den åttande dagen i telt med vått undertøy, seier Elgaaen smilande.

Dei kunne ikkje kallast optimistar der dei stod og gjorde seg klare for ny dag med jakt ved Bitdalsdammen. Det blei ingen dyr for Kristian Solbakken, Kjell Solbakken og Odd Arne Hommo denne dagen.
Dei kunne ikkje kallast optimistar der dei stod og gjorde seg klare for ny dag med jakt ved Bitdalsdammen. Det blei ingen dyr for Kristian Solbakken, Kjell Solbakken og Odd Arne Hommo denne dagen.
Nokre dagar er langt finare enn akkurat dagen VTB fekk vere med oppsynsmennene. Då går timane fort når dei kikkar etter reinsdyrflokkar.
Nokre dagar er langt finare enn akkurat dagen VTB fekk vere med oppsynsmennene. Då går timane fort når dei kikkar etter reinsdyrflokkar.
Olav Hamarsnes har jakta kvart år sidan 1958. Nå er han 72 år og skaut sist rein i fjor. Dette er langt ifrå den siste jakta hans, sjølv om han synest det er tyngre enn før.
Olav Hamarsnes har jakta kvart år sidan 1958. Nå er han 72 år og skaut sist rein i fjor. Dette er langt ifrå den siste jakta hans, sjølv om han synest det er tyngre enn før.

Me har traska eit lite stykke oppover mot Falkeriset for å sjå om det er mogleg å sjå dyr i det heile tatt. Rykta gjekk om at det var ein stor flokk rett i nærleiken i går. I dag er det berre tåke å sjå i kikkertsiktet.

– På ein slik dag som denne er det ikkje vits å ta seg langt inn på fjellet. Me brukar heller dagen på å oppsøkje dei plassane ein finn jegerar for å få litt informasjon. Har dei sett noko dyr og er det mange jegerar i området. Og me kan informere kor me har sett og høyrt det er dyr, fortel Andersen.

Ei annan hovudoppgåve for naturoppsynet er å sjekke at alt går som det skal i jakta. At jegerane har papira i orden og at jakta går føre seg på ein human måte.

– Generelt vil eg seie me har ein seriøs og god jegerstand. Sjølvsagt er det nokon unntakstilfelle i løpet av kvar sesong, der me dessverre må melde til politiet. Hovudfokuset vårt er heile vegen human jaktutøving, at det ikkje oppstår jaktsituasjonar der folk skyt i flokk, på dyr i stor fart og ikkje minst at jegerane oppfyller plikta ein har til og gjere ettersøk, fortel Elgaaen.

Ville blitt uhandterleg

Dei har koka seg kaffi og sett seg ned på fjellduken. Det har blitt mange slike grå dagar denne hausten. Likevel er det ikkje vêret og lite dyr dei uroar seg mest for. Etter at det for fyrste gong i Europa blei påvist skrantesjuke (CWD) på reinsdyr på Nordfjella i fjor, har dei vore redde for kva prøvene jegerane tek av felte dyr vil vise.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har gått med hjarta i halsen heile hausten. Det hadde vore krise om det skulle dukke opp nokre positive prøver på Hardangervidda – i det største villreinområdet me har. Det ville blitt uhandterleg, seier Elgaaen.

I Nordfjella sone 1 er målet å utrydde stammen på 2200 dyr før 1. mai 2018. Også i juni i år blei sjukdomen påvist på to dyr i området. Frykta er at det skal vere utveksling mellom dei to områda og stammene som blir skild av riksveg 7 over Hardangervidda.

– Viss eit individ blir smitta er det garantert dødeleg. Det seier seg sjølv at det er alvorleg. Heldigvis har me berre hatt negative prøver så langt i haust. Så lenge det er slik må me gå ut i frå at Hardangervidda er fri for smitte, seier Elgaaen.

Les også: Kan ikkje garantere at Hardangervidda er fri for skrantesjuke

CWD smittar gjennom kroppsvæske. Om eit individ urinerer på ein jordflekk, kan eit anna individ få smitta av å ete på same flekken.

– Ein ting er jo om villreinen på Hardangervidda blir smitta. Det er uhandterleg i seg sjølv, men tenk den dagen om det skulle kome positiv prøver frå hjortestamma i Sør-Noreg. Det ville ikkje vere mogleg å utradere den. Nei, det er spennande tider i vente framover.

Bikkja kan redde dagen

Det er tydeleg at dette temaet også er noko som blir snakka mykje om blant jegerane i Vinje. Ved Bitdalsdammen treffer me far og son, Solbakken saman med Odd Arne Hommo.

– Ein veit lite om det enno verkar det som. Det er mange meiningar, men i teorien kan jo reinen krysse riksveg 7 og kome hitover. Det er krise om skrantesjuka kjem til Hardangervidda, seier Kristian Solbakken.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er klart ein tenkjer på det. Hittil ser det bra ut heldigvis, seier far Kjell Solbakken.

Dei tre jegerane diskuterer kor dei store flokkane har tatt vegen saman med oppsynsmennene. Dei veit at ein stor flokk har stått ikkje langt herfrå i det siste. Det er godt å ha nokon å rådføre seg med.

– Når me treffer dei har me god kontakt. Ofte ligg me på same hytter innpå fjellet. Det er eit godt teikn om dei er i området, då er det ofte dyr i nærleiken, smiler Kristian.

Reinsjakta er meir sjølvstendig

Optimistiske er dei ikkje for dagens jakt. Kristian har jakta sju dagar til nå i jakta og har fått eitt dyr.

– Eg har sett dyr nesten kvar dag, men det har vore vanskeleg vêr. I dag har eg med bikkje så håpar det kan hjelpe. Då kan me iallfall finne dyra. Men ein må ha sikker bakgrunn au, kan ikkje berre sjå eit dyr og fyre laus, seier Solbakken.

Dei er ein jaktfamilie frå Rauland. Kjell har hatt med seg sonen på jakt sidan han var 10 år, og begge jaktar både elg og reinsdyr. Men det er noko eige med jakta på flokkdyra på vidda.

– Reinsjakta er litt meir sjølvstendig. Ein kan gjere litt meir som ein vil. Det er det fine, fortel Kristian før han legg til fjells saman med bikkja i tåka.

Kjell og Odd Arne går i ein litt anna retning frå dammen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Betre sesong på Vestlandet

Me set oss tilbake i bilen med oppsynsmann Morten på jakt etter nye jegerar. Denne jakta er det delt ut 6 000 kort til reinsdyrjegerar på Hardangervidda. Sidan ein kan felle ein kalv i tillegg om ein har simle, kan 9 900 dyr bli felt i området dette året.

– Det er berre i teorien. På Hardangervidda brukar fellingsprosenten vere på 30–40 prosent. Det er veldig sjeldan prosenten er større enn 40, det har vel knapt nok skjedd, seier Elgaaen.

Dette året er ein langt frå rekordane, iallfall på vår side av fjellområdet.

– Me sit med ein klar kjensle av at det blir dårleg felling i år. Nord på vidda var det veldig mykje dyr. Delvis i Ullensvang og ikkje minst i Eidfjord har dei hatt ei veldig bra jakt, seier han og innrømmer at det er fortent.

– Det er også på tide at dei får oppleve ein god jaktsesong att. Både Vinje og Tinn har vore litt bortskjemte dei siste åra. Jegerane me har snakka me her seier dei unner vestlendingane ein så god jaktsesong.

Jakta kvart år sidan 1958

På parkeringsplassen like ved Møsvatn treffer oppsynsmennene ein av dei største jaktveteranane. Olav Hamarsnes (72) har jakta på rein kvart år sidan 1958.

– Eg var 12 år fyrste gongen. Det var meir dyr då på 60-talet. Det er ikkje like moro lenger nå som eg ikkje er like sprek lenger. Men eg har hatt med eit barnebarn som er blitt veldig ivrig. Ho er så roleg og blir ein god jeger, smiler Hamarsnes.

Han deler eit par gode jaktminner med oppsynsmennene og set seg inn att i bilen etter ein røyk. Tåka set ein stoppar for nye jaktminner denne dagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ikkje den travlaste dagen for oppsynsmennene heller. Begge er på slutten av vakta, leie av det dårlege vêret og i Morten Elgaaens tilfelle endå meir klar for ei anna jakt til helga.

– Når eg er ferdig på fredag set eg meg i bilen og køyrer til Femundsmarka der eg opphavleg er frå. Då blir det elgjakt ei veke, den einaste veka som er heilag for meg, smiler han frå øyre til øyre.

Før det tok han og Harald Andersen ein siste tur inn til Kalhovd. Ingen blei felt denne onsdagen, men dagen etter VTB var med på tur blei fleire dyr felt i området.

Fleire saker om skrantesjuke: 

Stor interesse for villreinjakt, trass nye pålegg omkring skrantesjuke

Kryssar fingrane og håpar Hardangervidda er fri for skrantesjuke

Skal ta ut heile villreinsstamma i Nordfjella for å unngå spreiing av skrantesjuke til Hardangervidda