Tommy Lindskog (t.v.) og Vegard Bråstøyl blei tildelt målprisane i Vinje.

Mållagspris til to Vinje-bedrifter

På årsmøtet i Vinje Mållag blei det delt ut to mållagsprisar til næringslivet i kommunen. Prisane for 2024 og 2025 gjekk til Lindskog Auto-Service AS og Vinje Motorsenter AS.

Publisert

Vinje Mållag har ein lang tradisjon for å dele ut prisar til bedrifter som brukar god nynorsk i marknadsføringa si. Ifylgje mållaget har dei to vinnarane vist både vilje og evne til å bruke nynorsk, ikkje minst i profileringa si på sosiale medium.

– På den måten synleggjer dei ein tydeleg identitet og kvar dei høyrer heime, seier Svein Kostveit i Vinje Mållag.

Svein Kostveit og Tommy Lindskog.
Vegard Bråstøyl tok imot prisen til Vinje Motorsenter.

Begge bedriftene har gode resultat i drifta si, og mållaget meiner dei viser veg for bruk av nynorsk i vår tid. 

– Dei er verdige vinnarar som me håpar vil vera til inspirasjon for anna næringsliv, seier Kostveit.

Årsmeldinga som blei lagd fram på møtet fortel om god og jamn aktivitet i laget, som no har rundt 120 medlemer.

Under årsmøtet blei det også skifte i leiinga. Svein Kostveit overrekte leiarklubba til Signe Årdalen.

Powered by Labrador CMS