Line frå Seljord fekk filmrolle på TV2. – Eg likar å stå framfor kamera
Ho har trivst på scenen og drive med teater sidan ho var lita. Nå drøymer ho vidare om å bli med i film og ynskjer å lære å synge. Men akkurat i desse dagar dukkar Line Mossing (32) frå Seljord stadig opp i fjernsynsruta.
Om du er innom fjernsynskanalen TV2, kan du ha sett Line Mossing som eitt av andleta i kampanjefilmen «Kom nærmare» den siste tida. Kanalen vil fortelje at dei ynskjer å bidra til at folk skal vere meir opne, meir saman og kome tettare på kvarandre.
Då Line si storesyster, Marion, såg at dei søkte skodespelarar til filmen, melde ho på veslesyster. Line var ikkje vanskeleg å be på då Marion litt seinare sa ho skulle vere med på innspeling og måtte ta bussen til hovudstaden.
– Eg reiste til Oslo, der syster mi bur. Og me reiste til ein togstasjon i Vestby der innspelinga var. Me var der i veldig mange timar, fortel Line.
Line la ein plan for kva ho skulle gå med før ho reiste på innspelinga.
– Dei sa kva eg skulle gjere når dei filma. Det var veldig moro, eg likar godt å stå framfor kamera, seier Line med eit stort smil.
Har vore mykje på scenen
Me møter Line heime i leilegheita på Heddeli før ho skal på jobb på biblioteket i Seljord. Ein jobb ho har nokre dagar i veka, og som ho trivst veldig godt med. Elles går dagane til ulike aktivitetar på aktivitetssenteret, til strikking og måling av bilete.
Det er åtte år sidan familien til Line flytta frå Gjerdrum til Seljord, Line flytta eit par år etter. Ho flytta eitt år før det dramatiske leirskredet som skjedde på Gjerdrum natt til 30. desember 2020.
– Eg budde i eit av husa som stod heilt på kanten av skredet. Gamlenaboen min budde framleis i det huset som nesten rasa. Han var ikkje heime då det skjedde, så det gjekk bra med han. Men han måtte flytte og finne ein annan stad å bu etterpå, fortel ho trist.
Har Åge som idol
Me undrar om Line har nokon favorittmusikk, idol eller artistar, og då kjem svaret lynraskt.
– Åge Steen Nilsen, seier ho ivrig og går for å vise fram ei rekke bilde ho har måla på lerret med songtitlar frå både han og bandet Wig Wam.
Ho synest Åge er kul. Han tar seg alltid tid til å helse på og slå av ein prat når Line kjem på konsert. Og bilde blir det også, både i gåve frå Line og sjølvsagt der dei blir fotografert saman under møte.
– Sist eg møtte han hadde eg med gåver. Eg måla eit bilde med ein sommarfugl til han, og eg strikka skjerf til kjærasten hans, seier ho med eit nøgd smil.
Trivst på scenen
Line har mykje erfaring med å stå på scenen. Heilt frå ho var 10 år og til ho flytta til Seljord, var ho med i Gjerdrum amatørteater der ho har hatt mange ulike roller i ulike framsyningar.
– Eg har mellom anna spela i «Happy Valentine», «En Midtsommernattsdrøm», «Snipp og Snapp» og «#LOL». Me hadde to framsyningar kvart år. Eg har hatt hovudrolle også der eg var klovn som var høgt og lågt, det var alvor og moro og handla om at ein skal vere seg sjølv, fortel Line.
Etter Line flytta til Seljord har det ikkje blitt like mykje teater, men i 2019 laga ho og dei andre brukarane av aktivitetssenteret på Heddeli ei framsyning dei viste på Granvin kulturhus. Sidan Line hadde mykje sceneerfaring, var ho ei god støtte for dei andre som deltok og kanskje ikkje hadde spela teater før. Framsyninga handla om at ein skal vere seg sjølv, og hugse at ein alltid er god nok som ein er.
Under kan du sjå eit videoutdrag frå teaterframsyninga:
Blir gjerne med i film
Line var også med på pilotinnspeling då filmskaparane som vaks opp i Brunkeberg og Morgedal, Jan Olav Nordskog, Eirik Fjeldstad Sandåker og Jesper Brodersen inviterte til testfilming til det dei håpar blir ein kommande spelefilm der inspirasjon er henta frå romanen Brannen av Tarjei Vesaas.
– Blir det filminnspeling er eg klar, smiler den scenevande med eit stort smil og kan røpe at ho har fleire draumar.
– Eg drøymer også om å bli ein stor artist ein gong, eg har lyst til å lære meg å synge. Og blir det teater i Seljord att, vil eg gjerne vere med, fortel ho.