Tore Godal. Foto: Ole Martin Wold / NTB

Legen frå Rauland er sterkt involvert i arbeidet med å utvikle vaksine mot Covid-19. Onsdag fekk han Røde Kors-prisen

Onsdag mottok Tore Godal, opphavleg frå Rauland, Røde Kors-prisen.

Han tek imot prisen for sin store innsats i humanitært arbeid både nasjonalt og internasjonalt. Godal har bidratt stort til betring av global folkehelse og er nå sterkt involvert i arbeidet med å utvikle ei vaksine mot Covid-19, melder Røde Kors i ei pressemelding.

Godal har utført eit grensesprengande arbeid for at alle skal ha rett til helsetenester og eit verdig liv, seier Røde Kors-president, Robert Mood.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tore Godal har praktisert Røde Kors’ grunnidear om likeverd og menneskeverd gjennom sitt arbeid for å beskytte, hindre og lindre, seier Mood.

Godal var mellom anna sentral i opprettinga av «Roll Back Malaria» i 1998, verdas største initiativ for bekjempelse av malaria. 81-åringen har også vore sentral i arbeidet med å innføre myggnett, noko som har redusert dødelegheita frå malaria med 50 prosent.

Han var også drivkrafta bak opprettinga av vaksinealliansen GAVI (Global Alliance of Vaccination and Immunization) på slutten av 1990-talet og leia organisasjonen i dei første seks åra. GAVI har til nå vaksinert meir enn 760 millionar barn i utviklingsland. Det blir rekna at dette har hindra om lag 13 millionar dødsfall.

Godal var spesialrådgivar for Gro Harlem Brundtland då ho var generaldirektør i WHO. Han har også vore tilsett i Folkehelseinstituttet. Både Gro Harlem Brundtland og Camilla Stoltenberg deltok på onsdagens program for å gratulere vinnaren.

Legen, som opphavleg kjem frå Rauland, er i dag er tilsett som spesialrådgivar i CEPI (Coalition for Epidemic Prepardness Innovations), som han også var med på å opprette. Der er han med på å koordinere det viktige arbeidet med å utvikle ei vaksine mot korona.

Godals livsverk i form av kampen for betre folkehelse og bekjempelse av smittsame sjukdommar held altså fram i 2020 med målretta innsats for å finne ei vaksine mot koronaviruset. Godal har gjennom karrieren både lukkast med å finne metodane for å redde liv, og å klare å mobilisere støtte hos politikarar, bedriftsleiarar og internasjonale organisasjonar for å setje desse metodane ut i livet.

– Det er ei stor ære for meg å ta imot denne prisen frå Røde Kors. Heilt frå oppveksten min i Rauland til nå dei siste åra, har eg sett kor viktig frivillig arbeid er i vårt samfunn. Ikkje minst nå den siste tida der frivillig innsats spelar ei stor rolle i å forhindre og nedkjempe Covid19, seier Godal i pressemeldinga.

Tore Godal flankert av Robert Mood og Gro Harlem Brundtland.