Treng folk: Det har ei stund vore utfordrande å få sjukepleiarar til å jobbe på Tokke helsesenter, og kommunen er avhengig av vikarbyrå for å dekke behovet.

Ledige stillingar, ingen søkarar og fleire er avhengig av vikarbyrå – sjukepleiarane er yrkesgruppa alle vil ha

I Tokke er politikarane og den administrative leiinga ueinige om kva som skal til for å rekruttere sjukepleiarar til stillingar på institusjon. Men det er slett ikkje berre Tokke som slit med rekrutteringa.

– Det er svært vanskeleg å rekruttere til ledige sjukepleiarstillingar til institusjon, fortel kommunalsjef for helse og omsorg i Seljord kommune, Beate Våge Lia, til VTB.

Og ho er ikkje aleine om denne erfaringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er særs vanskeleg å rekruttere sjukepleiarar! skriv Hanne Norgaard som er einingsleiar for heimetenestene og Kviteseid omsorgssenter (KOS), til VTB.

Dette er heller ikkje ei ukjent problemstilling for nabokommunen Tokke, der leiinga i kommunen kallar sjukepleiarmangelen kritisk, og meiner situasjonen på helsesenteret er akutt. Sidan mars i fjor har dei søkt etter sjukepleiarar til stillingar på helsesenteret sju gonger. Ingen søkte, men dei tilsette ein person i denne perioden.

Likevel er 4,8 av 11 stillingar nå ledige.

Ingen vikarbyrå: Einingsleiaren ved Kviteseid omsorgssenter (KOS) fortel at det er særs vanskeleg å rekruttere sjukepleiarar til institusjon. Men dei brukar i dag ikkje vikarbyrå for å dekke behovet.

Klarer ikkje matche lønskrava

VTB har tidlegare skrive om at kommuneleiinga i Tokke ønsker å heve løna til sjukepleiarane på institusjon. Forslaget var at alle vart heva til 16-års ansiennitet, men saka fekk ikkje fleirtal i formannskapet og går vidare til kommunestyret for endeleg avgjerd.

Det kom då også fram at det er ein del variasjonar i løna til sjukepleiarane i kommunane i Vest-Telemark.

Seljord og Kviteseid er dei to kommunane som ligg på tariff heile vegen, medan dei andre anten ligg litt over heile vegen, som Tokke og Vinje, eller som startar på 10- eller 16-års ansiennitet som høvesvis Nissedal og Fyresdal.

Kommunalsjefen i Seljord fortel at løna kan vere eit hinder for tilsetting.

– Kommunen har lyst ut 100-prosentstillingar fleire gonger utan å få kvalifiserte søkarar. Når det er kvalifiserte søkarar, slit me med å nå fram i tilsettingsfasen då søkarane ofte har eit lønskrav som kommunen ikkje kan imøtekomme, skriv Våge Lia.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jobbar kontinuerleg med rekruttering: Kommunalsjef for helse og omsorg i Seljord kommune, Beate Våge Lia, fortel at kommunen fleire gonger har lyst ut fulle stillingar utan å få nokon kvalifiserte søkarar.

Nesbukti pleie- og omsorgssenter har 11,8 årsverk sjukepleiar og vernepleiar – av 11,8 årsverk er 1,5 årsverk vernepleiar. I dag er eitt årsverk dekt opp av vikarbyrå.

– Ut over det er det 0,5 årsverk vernepleiar og 1,3 årsverk vakant sjukepleiar på Nesbukti. Det er i tillegg ein sjukepleiar som nyleg har sagt opp stillinga si. Dersom me ikkje får tilsett i desse stillingane vil me få totalt 2,8 årsverk vakant sjukepleiar/vernepleiar frå 01.02.2024, seier kommunalsjefen.

– Seljord jobbar kontinuerleg med rekruttering, men det er ofte om dei same ressursane som nabokommunane våre. Nesbukti nyttar vikarbyrå i eitt sjukepleiarårsverk, i fyrste omgang fram til nyttår, seier Våge Lia.

I Kviteseid er det totalt 9,83 årsverk med sjukepleiarar og vernepleiarar på KOS.

– Per i dag er 2,47 årsverk av dei 9,83 årsverka vakante, opplyser einingsleiar Norgaard.

Men dei brukar ikkje vikarbyrå i dag.

Startløna for ein sjukepleiar med treårig høgskuleutdanning er 517 100 i Vinje. Lågare enn hos Nissedal og Fyresdal som går rett på startløn som om dei har ansiennitet på ti eller 16 år, men høgare enn i Tokke, Seljord og Kviteseid. Etter 16 år er sjukepleiarane i Vinje dei som har høgast løn, rett over 600 000.

Likevel er det ikkje enkelt å rekruttere her heller.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har vore vanskeleg å rekruttere sjukepleiarar til institusjon så me har vore avhengig av vikarbyrå over lengre tid. Når ser det ut som om me klarar oss med berre éin sjukepleiar frå vikarbyrå frå nyttår, opplyser verksemdsleiar for institusjonstenester, Baiba Sheine.

Dei har i dag totalt 15 årsverk, 1,5 årsverk er ledige og eitt årsverk er eit vikariat fram til mars 2024.

Les også
Smekk fullt på sjukeheimane i Vest-Telemark

Hatt for lite fokus på systematisk rekruttering

Tokke kommune er absolutt ikkje den kommunen som ligg nedst på løn, men ser likevel ut til å vere den kommunen som slit mest med rekruttering og vakante stillingar. I alle fall akkurat nå.

– Kvifor det?

– Rekruttering av personell er samansett, og det svingar veldig. Helse og omsorg i Tokke har generelt ikkje vanskeleg med å rekruttere til faste sjukepleiarstillingar, dette gjeld spesielt institusjon, svarar kommunalsjef for helse og omsorg i Tokke, Ann Wraa, til VTB.

Rekruttering er samansett: Ann Wraa meiner det er gjennomført mange gode tiltak i Tokke dei siste åra, men at dei må bli betre på marknadsføring.

– Ein av grunnane til at Tokke har det slik nå er at me over tid har hatt for lite fokus på langsiktig, systematisk rekruttering i den avdelinga, og at me har hatt for lite fokus på marknadsføring. Rekruttering må ein arbeide med kontinuerleg, og her er det viktig med eit samarbeid med fleire, blant anna HR som har stor betyding for rekruttering.

– Me har, som du veit, siste tida venta på ei politisk avklaring med omsyn til løn. Nå er me i gang med ei heilskapleg rekrutteringsstrategi, der me skal sjå på andre tiltak som ein veit fungerer på langsiktig rekruttering. Bonusløn er etter mitt syn eit kortsiktig tiltak, som er bra som eit akutt tiltak. Løn er berre eit av mange tiltak ein må sjå på, fortel Wraa, og legg til at ei større tiltakspakke blir lagt fram i mars.

– Kan det vere andre ting enn løna som er årsaka? I så fall kva, meiner du?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Marknadsføring er ein ting som eg meiner er svært viktig, for å vise fram dei gode tiltaka som finst i kommunen, og det har me nok vore dårlege på her i Tokke. Det finst andre kommunar som har gjort det mykje betre den siste tida, me får lære av dei. Det er gjennomført mange gode tiltak her i Tokke dei siste åra, som er med på å skape ein god arbeidsplass og dei må me vise fram på ein betre måte, svarar kommunalsjefen.

Krevjande: VTB har tidlegare skrive om sjukepleiarane Heidi Sandok (f.v.), Karin Dahle og Elisabeth Tveito som ønsker seg fleire faste tilsette på jobb.

Tiltaka som faktisk fungerer

At det er mangel på sjukepleiarar er ikkje heilt nytt, og heller ikkje unikt for Vest-Telemark. I mai i år skreiv NSF (Norsk Sykepleierforbund) at sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar er den yrkesgruppa det er størst mangel på i Noreg. Faktisk ti prosent av totalmangelen, ifølge forbundsleiar i NSF Lill Sverresdatter Larsen.

Eller 4 650 sjukepleiarar og 700 spesialsjukepleiarar.

Tidlegare i år skreiv Sykepleien om at NSF la fram ein rapport over ei rekke tiltak som skal sørge for rekruttering og behalde sjukepleiarar i distriktskommunar – og dette skal vere tiltak som faktisk fungerer. Forfattarane av rapporten, Anette Fosse og Birgit Abelsen, har delt tiltaka inn i to grupper, tiltak for utdanninga og tiltak for helsetenesta.

Over tiltak som faktisk fungerer innafor utdanninga blir mellom anna at ein seleksjon av studentar som har vakse opp i distrikt er assosiert med auka rekruttering til arbeid i distrikt. Det same viser desentralisert eller fleksibel utdanning der hovuddelen av utdanninga er lagt til mindre byar eller distriktsområde og at ein eller fleire praksisperiodar i distrikta kan motivere til å arbeide i ein distriktskommune.

Av tiltak i den kommunale helsetenesta fungerer økonomiske insentiv, som til dømes løn og oppstartsbonus. Det same gjer tilpassa turnus og kvalitet i tenesta som ressursar og bemanning for å kunne yte gode helsetenester.

Forfattarane presiserer også at ingen tiltak fungerer aleine.

Les også
Føreslår meir i løn til dei som har jobba lengst. – Anerkjenner dei som er stabile medarbeidarar i ei krevjande tid

Løn og turnus var svaret i Fyresdal

Tidlegare i haust skreiv VTB om Fyresdal som i fleire år sleit med mangel på sjukepleiarar. For den minste kommunen i Vest-Telemark vart ny turnusordning og høgare løn løysinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunalsjef for helse og omsorg, Mona Landsverk, opplyser at dei har totalt 7,8 årsverk med sjukepleiarar som jobbar på institusjon i dag. Kommunen har i dag éi vakant stilling.

– Det har i tre år vore vanskeleg å rekruttere sjukepleiarar, og me har nytta vikarbyrå i to omgangar. Frå oktober 2023 klarte me å rekruttere to nye sjukepleiarar, noko me er veldig glade for, fortel Landsverk til VTB.

Fann rekrutteringsnøkkelen: Nå er fem av seks sjukepleiarar på plass i Fyresdal. Kamilla Mathea Mogstad (t.v.), Margit Maria Myren, Hanna Kåsastul, Ida Valen og Janne Hagen.

I Nissedal har dei ingen ledige stillingar. Hannelore Skeimo vart tilsett som einingsleiar for velferd på nyåret, og fortel at sidan ho starta i stillinga har dei berre hatt behov for å tilsette ei stilling på natt. Då fekk dei éin søkar.

– På grunn av permisjonar og langtidsfråvær var det behov for å nytte vikarbyrå på NOS (Nissedal omsorgssenter) i perioden mars til august i år, skriv Skeimo til VTB.

Ho fortel at det er totalt 6,3 årsverk sjukepleiarar på NOS, der to årsverk er på natt og resten er på dag og kveld fordelt på somatisk og skjerma avdeling.