Sommargjesten Laila Nordskog Kostveit.

Laila gler seg til veteranlastebiltreff og late sommardagar

Publisert Sist oppdatert

Namn: Laila Nordskog Kostveit

Alder: 53 år

Bur: Åmot

Gjer: Fagarbeidar i Åmot barnehage

Kva er planane dine denne sommaren?

Eg skal iallfall på veteranlastebiltreff på Magnor i lag med Sigrun og Geir. Elles tar eg det som det kjem, nyte fri og slappe av. Kanskje ein liten tur med døtrene mine.

Har du eit sommarminne du vil dele?

Eg er veldig glad i å reise til Lillesand. Der besøker eg søstera mi og mannen. Då blir det båttur i Blindleia, litt bading og seine kveldar med god prat.

Kven gjorde sist noko for deg som du sette pris på?

Det må bli naboen min, ho hjelpte meg med å klippe plenen medan eg stod i målingsspannet.

Kva opptek deg i lokalmiljøet?

Det må bli å gjera noko for ungdommen, at dei har ein plass å vera. Sjølv om me har ein flott ungdomsklubb for dei yngre, må me hugse på dei som er litt eldre òg. Ein god møteplass med aktivitetar som fenger dei, og ta dei med i dialog i planlegginga. 

Kvar i Vest-Telemark vil du helst vera ein fin sommardag?

Heime på verandaen og nyte sola, høyre på god musikk eller lydbok. Og tenne bålpanna på kvelden og sjå inn i dei varme, gode flammane, med ein iskald cola eller øl.

Kva ville du vist til nokon som kom til Vest-Telemark for fyrste gong?

Mjonøy. Der kan du kose deg med mellom anna fersk bakst og kaffi, sjå på gamle, små hytter og nyte naturen rundt deg. Eit lite paradis i Vinje. 

Har du eit ord eller uttrykk frå Vest-Telemark du likar godt?

Det må bli «jørfe gode».

Nokon du vil sende ei sommarhelsing til?

Eg vil helse så masse til Heidi som bur i Vikedal, som snart kjem heim på ferie, og til Nora, som er ferdig med 13 års skulegang og klar for nye eventyr. Elles vil eg helse til alle mine venner og familie. Nyt sommaren!

Powered by Labrador CMS