Tristan Dobosz
Tristan Dobosz er lærling på Straand hotel.

Lærlingen Tristan kapra 1.-plassen

Tristan Dobosc er kokkelærling på Straand hotel. Under Vestfoldmesterkapet tok han 1. plass.

Publisert

Fredag 17. oktober var det Asko Servering Vestfoldmesterskap, og kokkelærlingen frå Straand hotel i Vrådal Tristan Dobsz deltok i klassa for dei under 21 år. 

Det opplyser Straand hotel i ei pressemelding. 

Tristan deltok saman med Anna Hacia frå Konosør i Skien, og duoen tok sigeren i eit sterkt felt av unge kokketalent frå heile regionen. 

Tristan Dobosz og Anna Hacia.
Duoen Tristan Dobosz og Anna Hacia tok sigeren i klassa for dei under 21 år.

– Me er utruleg stolte av Tristan og den innsatsen han har lagt ned i faget. Dette viser at det gror godt i reiselivs- og matfaget, og at engasjementet me har for å utvikle nye talent gjev resultat, seier hotelldirektør Lars Arne Straand. 

Hotellsjef Katrine Straand meiner det er viktig å lyfte fram unge fagfolk. 

– Dette er ein inspirasjon for heile teamet vårt. Tristan har vist stort talent, er audmjuk og har ei genuin interesse for kokkefaget. For oss er det viktig å bygge eit miljø der lærlingar får utvikle seg og lykkast – både fagleg og personleg, seier ho.  

Meisterskapen blir arrangert av Asko servering, Kokkenes mesterlaug Vestfold, Hjalmar Johansen vidaregåande skule og OSS & RM, og samla både kokke- og servitørlag frå store delar av Telemark, Vestfold og Buskerud.

Powered by Labrador CMS