Ser resultata: – Når eg køyrer dit sjølv, får eg sjå at hjelpa kjem fram, seier Jon Markus Gjersund.

Køyrer hjelpesendingar til Ukraina

Fyresdølen har vore fleire turar til Ukraina dei siste åra med alt frå klede til medisinar. Seinast var han der i januar.

Jon Markus Gjersund frå Fyresdal køyrer ein gong i året med lastebil ned til Ukraina og leverer hjelpesendingar. Han gjer det for å hjelpa dei som ikkje har det så bra, men likar også å reisa. Gjersund er yrkessjåfør til vanleg.

– Hadde du tid til å sjå deg om der nede no i vinter?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, det var ganske stress. Eg måtte koma meg ut. Det blei jo innført reiseråd.

På turen før det var det korona, så han fekk ikkje vera turist då heller.

Lasta med klede og medisinar: Bilen tilhøyrer THK-stiftinga.

Nore veker etter at han var der i januar, gjekk Russland til krig mot Ukraina. Fekk han snakka noko med ukrainarane om uroa?

– Me spurde litt. Det var jo ein spent situasjon. Men det var ikkje noko dei brydde seg spesielt om, fekk eg inntrykk av. Dei hadde levd med dette ei stund. Dei trudde ikkje det skulle bli krig. Det hadde byrja å opna seg litt etter koronaen, så det var ein del folk ute. Eg fekk ikkje kjensla av at det var noko krigsfrykt.

Det er gjennom THK-stiftinga han køyrer. Dei kom han i kontakt med gjennom ein kjenning i Haugesund frå aust–vest-turane sine i Noreg.

Gjersund leverer alt mogleg frå klede til medisinar, til ulike delar av Ukraina. Barneheimar og skular er mellom mottakarane, for Ukraina har slite med fattigdom i lang tid. Hittil har han vore fire turar ned. Men blir det fleire?

– Viss dei spør og eg har høve med tanke på jobb og slik, seier eg ikkje nei. Eg er avhengig av fri, så det er som regel litt på sparket om vinteren eller hausten at eg har tid, seier Gjersund.