Kongeparet dreg til Vestland i mai – nå blir Nissedal éin av dei fem dei ikkje har besøkt
Når Vestlandet er på sitt vakraste, reiser kong Harald og dronning Sonja til fire kommunar i landsdelen. Dermed står fem kommunar att som dei ikkje har besøkt.
Ferda skal gå med Kongeskipet, og fylkesturen startar i Etne kommune på austsida av Hardangerfjorden tysdag 26. mai, opplyser Kongehuset.no.
Onsdag går reisa vidare til nabokommunane Samnanger og Vaksdal aust for Bergen. Fylkesturen blir avslutta torsdag 28. mai med besøk til Askvoll kommune, som ligg heilt vest i Sunnfjord.
Dei fem kommunane som då står att før kongeparet har vore i heile Noreg, er Beiarn i Nordland, Nissedal og Siljan i Telemark og Rindal og Høylandet i Trøndelag.
Nærmar seg 90
Dei to nærmar seg begge 90 år, men reiselysta er framleis stor. Kong Harald fyller 89 år 21. februar, medan dronning Sonja blir like gammal 4. juli. Om ikkje lenge er planen for begge to å dra til OL i Milano, medan dronning Sonja nyleg var i Paris. Der var ho til stades på Sjømannskyrkjas 30-årsjubileum og var til stades ved ein konsert med Oslo-Filharmonien.
I løpet av dei 35 åra sine på trona har kongeparet besøkt alle Noregs fylke ei rekke gonger – og no står altså berre ni kommunar att. Den førre kommunen som fekk besøk, var Aremark i Østfold. Det skjedde i oktober i fjor.
På alle fylkesturane har dei to møtt menneske i byar og bygder, og dei har følgt utviklinga i næringsliv, kultur og frivilligheit. Tallause blomsterbukettar er overrekte og flagg vifta med, av store og må. Kongeparet har teke seg tid til å snakke med folk der dei kjem.
Vitamininnsprøyting
I nyttårstalen i år takka kong Harald befolkninga for opplevingane og fellesskapen saman det siste året – og gjennom eit langt liv.
– Denne positive krafta har dronninga og eg vore så heldige å få oppleve på dei mange reisene våre over heile landet gjennom dei 57 åra vi har vore gifte. Det er rein vitamininnsprøyting, sa kong Harald i den TV-sende talen sin til det norske folket.
(©NPK)