Blåveisa har måtta vente mange stadar på grunn av all snøen. Neste veke vil den nok slå ut i full blomst når varmen kjem for fullt. Arkivfoto: Terje Bendiksby / NTB/ NPK

Knallvêret flyttar frå nord til sør – sommarvarme på veg

Denne veka er knallvêret i nord, og regnet silar over Sør-Noreg. Over helga snur det, og då kan det blir skikkeleg godt og varmt enkelte stadar på Austlandet.

Viss høgtrykksvêret slår til utover i neste veke, kan temperaturen nærme seg 20 grader i Sør-Noreg, varslar Meteorologisk institutt.

– Det gjeld å bruke dagane godt når det først er fint vêr, vi veit aldri kor lenge det varer, seier statsmeteorolog Martin Granerød til NTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Denne veka er landet delt i to vêrmessig. Gråvêr med regn rår på Sør- og Austlandet. Såpass mykje regn er venta at det er sendt ut gult farevarsel om flaum på Austlandet torsdag og fredag.

Snø i høgfjellet

På Vestlandet og i Trøndelag er det litt lettare vêr dei neste dagane.

– Det blir lange periodar med skya vêr, men lettare enn på Sør- og Austlandet. Fredag blir den beste dagen for sol, seier Granerød.

På dagtid blir det rundt 8–10 grader, og om nettene blir det også bra med plussgrader. Først over 1000 meter oppi fjellet kjem nedbøren som snø – elles blir det regn.

Med tele i bakken dei fleste stadar blir det fare for flaum fordi regnet ikkje blir teke opp av bakken.

Påskevêr i nord

Denne veka held knallvêret fram i nord mange stader.

– Nord i Nordland, Troms og vest i Finnmark er det eit slags forseinka påskevêr. Det er kaldt om nettene og plussgrader på dagtid. Så her er det moglegheiter for ein fin skitur, seier statsmeteorologen.

Dette varer til seint i helga, då byrjar vêromslaget. Laurdag kveld eller søndag blir det tilskyande. I Nordland kjem regnet allereie søndag, og så bevegar regnvêret seg nordover til Troms og Finnmark.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eit lågtrykk i Norskehavet med tilhøyrande frontar gir lange periodar med regn. Det blir mildt, så ein må høgt opp i fjellet for å få snø. Det ser ut til å bli ganske mykje nedbør rundt tysdag. Noko som liknar ei atmosfærisk elv antydar at det kan bli spesielt mykje i Nordland, men det er litt tidleg å seie enno, understrekar Granerød.

Endeleg varme

Måndag er altså vêrkartet snudd på hovudet. Då kjem det høgtrykk over Sør-Noreg, der det rett og slett blir veldig bra vêr neste veke. Det blir 15–20 grader og rolege vindforhold. Også om nettene blir det plussgrader, men på grunn av klarvêret nærmar det seg null. Derfor er det ingen god idé å setje ut småplantar i blomsterkassene, sjølv om det kjennest sånn ut om dagen.

– Dette blir den første smaken av sommar i år, utan at det er sommar, seier Granerød.

På denne tida blir det vanlegvis varmast nokre kilometer innanfor kyststripa – der snøen har forsvunne. Det vil til dømes seie Drammen og Hokksund, som ligg litt unna Oslofjorden, som framleis har temmeleg kaldt vatn.

Vekslande på midten

På Vestlandet blir det også veldig fint, men litt kjøligare, rundt 15–16 grader.

Møre og Romsdal og Trøndelag ligg jo geografisk midt mellom sør og nord – og sånn blir det også vêrmessig neste veke.

– Dei ligg mellom finvêret i sør og lågtrykket i nord. Dermed blir det skya og utrygt for litt regn, men det blir også sol utover i veka, avsluttar meteorologen.

Så står det att å sjå om nokon set nye varmerekordar. Bergen, Stavanger og Trøndelag har tidlegare år alle passerte 20 grader omtrent på denne tida. I Oslo er tidlegaste dato for 20 grader så tidleg som 23. mars.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)

Mange har nok utsett båtpussen i påvente av betre vêr. No kjem det til Sør-Norge. Arkivfoto: Lise Åserud / NTB/ NPK
Nord i Nordland, Troms og vest i Finnmark er det eit slags forsinka påskevêr. Arkivfoto: Tor Richardsen / NTB/ NPK