Fjellstyregåve: Kjetil Johnsen Eiken vann gratis fiskekort i 100 år.

Kjetil vann gratis fiske i 100 år

I samband med at det er 100 år sidan Fjellstyra vart oppretta vart det i år lagt ut ei gåve på alle Statsallmenningane i Noreg.

På Rauland Statsallmenning var det Kjetil Johnsen Eiken frå Agder som vart den heldige.

Eiken var på fisketur på Rauland Statsallmenning for fyrste gong, men vil no definitivt kome attende fleire gonger. Gåva han var så heldig å finne er nemleg gratis fiskekort i 100 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rauland Fjellstyre er eitt av landets 94 fjellstyre som administrerer norske Statsallmenningar, og annonserte tidlegare i sommar at dei hadde gøymt ei gåve med gratis fiskekort.

– Fjellstyret gratulerer Kjetil og ynskjer han velkomen til mange fine fisketurar, seier Sveinung Olsnes, sekretær for Rauland Fjellstyre.