Legg til rette: Fjellstyra legg til rett for at ålmenta skal få tilgang til jakt, fiske og friluftsliv.

100 år sidan fjellstyra blei oppretta. Feirar med å gje bort gratis fiske i 100 år.

Rauland Fjellstyre er eitt av landets 94 fjellstyre som administrerer norske Statsallmenningar.

Fjellstyra legg til rett for at ålmenta skal få tilgang til jakt, fiske og friluftsliv. I år er det 100 år sidan fjellstyra vart oppretta og dette blir markert med ei skattejakt der alle er invitert til å delta. Rauland Fjellstyre er med på opplegget og kjem til å legge ut ei gåve i løpet av sommaren.

– Sidan det no er 100 år sidan fjellstyra vart oppretta må me vere med å feire dette, seier Ane Killingtveit, leiar i Rauland Fjellstyre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gåva frå Rauland vert lagt ut ein eller annan stad på Rauland Statsallmenning i løpet av sommaren.

I heile landet er det lagt ut 100 slike gåver. Finn du ei, vinn du gratis fiske i det lokale fjellstyret i 100 år.

Kostveit, Rauland.