I jobb: Khalil Jamac Axmed fullførte helsefagutdanninga i fjor og jobbar no på Svingen bufelleskap. Han er ein av 20 personar med flyktningbakgrunn som jobbar i verksemdene for menneske med særskilde behov og institusjonstenester i Vinje kommune.

Khalil er éin av dei med flyktningbakgrunn som har fått jobb i helsevesenet i kommunen. Han etterlyser lokale utdanningsmoglegheiter for at fleire skal lukkast

– Læraren forklarar ein gong, og då forstår alle dei norske. Det er bare du som ikkje forstår, og då blir det dumt å forstyrre med spørsmål heile tida. Ein blir flau, seier Khalil Jamac Axmed (33).

Khalil greidde å fullføre helsefagutdanninga si i fjor, og er no i full jobb i Svingen bufellesskap i Åmot. Han er éin av 20 personar med flyktningbakgrunn som jobbar i verksemdene for menneske med særskilde behov og institusjonstenester i Vinje kommune.

Tilgangen på helsefagarbeidarar er ei utfordring for desse verksemdene, samstundes som endå fleire flyktningar ønskjer å arbeide med dette. Nokre av desse er alt i gang med å ta helsefagutdanning, eller dei ønskjer å starte med dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men det finst ikkje vaksenopplæringsklasse i helsefag lokalt. Då er det to moglegheiter: Pendle til Notodden for å få eit tilbod som er tilrettelagt, eller delta i vanlege helsefagklasser på Dalen. Begge alternativa fører til store utfordringar, ifølgje flyktningane VTB har snakka med.

Vanleg klasse var vanskeleg

Khalil tok utdanninga si på Dalen. Her følgde han vanleg helsefagklasse saman med norske ungdommar.

– Fordelen med det er jo at ein lærer meir norsk saman med norske elevar. Men ulempa er at ein som vaksen er så annleis frå ungdommane. Dei tek ikkje omsyn til at ein ikkje kan språket så godt. Til dømes vart det vanskeleg å samarbeide om gruppeoppgåver. Ungdommane forventar jo meir av deg sidan du er vaksen.

Khalil følte også at det vart dumt å forstyrre undervisninga med alt han lurte på, sidan alle dei andre forstod det som vart forklart.

– Så eg googla mykje på fritida for å finne ut av ting. Og Åse hjelpte meg veldig mykje.

Leksehjelparen

Åse Dyrvik (76) jobba som lærar ved Åmot skule i ei årrekkje, og då ho skulle pensjonere seg i 2014, fekk ho ikkje heilt til å slutte. Det var då ho fann ei nisje på vaksenopplæringa.

– Eg oppdaga eit stort behov for leksehjelp, og var glad for å kunne bidra, seier Dyrvik.

Ho fortel om mange møte med engasjerte og motiverte flyktningar som har eit stort ønske om å bidra i samfunnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men problemet er jo språket, og det var der eg kunne hjelpe dei. Det å lese og forstå fagtekstar, og å formulere faginnhald sjølve, det er noko av det viktige dei treng hjelp til, forklarar ho.

Dessutan kan metodane ein nyttar i skulen krevje ei enorm omstilling.

– Eg hugsar ein elev som kom frå eit tilvære som nomade, og plutseleg var ho inne i ei ny verd og skulle legge fram ein PowerPoint for medelevane sine. Det er vanskeleg for oss å forstå kor store kontrastane kan vere.

Dermed heldt Dyrvik fram med å jobbe som leksehjelpar for flyktningar både på vaksenopplæringa og på vidaregåande. Ho var delvis tilsett av fylkeskommunen, men hadde også nokre oppdrag i regi av OKOS (opplæringskontoret for offentleg sektor).

– Det var eg som organiserte timane. Dei som trong meg, tok kontakt, og så fann me ei tid. Me kunne nytte lokala på vaksenopplæringa på ettermiddag/kveldar. Sjølv hadde eg jo god tid, men det var ikkje lett å finne tid for flyktningane, for dei hadde gjerne to jobbar i tillegg til studiane og familien. Nokre småbarnsmødre hjelpte eg heime hos dei, sidan dei ikkje kunne dra frå barna sine, minnest Dyrvik.

Denne ordninga vart betalt av fylkeskommunen og vara i fire år, fram til 2018. Dyrvik heldt likevel fram med å hjelpe til på frivillig basis til korona-restriksjonane sette stoppar for det i 2020. I det siste har ho vore mykje på Vestlandet og har dermed ikkje kunna hjelpt i same grad som før. Dyrvik trur behovet for leksehjelp framleis er stort, særleg etter at talet på flyktningar har auka.

Vanleg klasse er framleis vanskeleg

Fanus Fiseha (35) har budd i Vinje sidan 2018, og går no helsefag på Dalen i ei vanleg vidaregåande klasse. Han er den einaste vaksne flyktningen i klassa, og merkar dei same utfordringane som Khalil.

Ingen Åse: Fanus er den einaste vaksne med flyktningbakgrunn i den vanlege helsefagklassa på Dalen. Det er krevjande fagleg sett.

Der ungdommane etterlyser fleire pausar, ønskjer han seg meir læringstid. Også han brenn inne med dei fleste av spørsmåla han eigentleg lurer på, sidan han ikkje vil okkupere læraren fullstendig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fanus prøver å google alt han kan på fritida for å finne ut av det han ikkje forstår. Men han har ingen Åse.

– Viss me var ei klasse med berre vaksne ville me konsentrert oss heile tida, og lært både fag og norsk, trur Fanus.

Vanskeleg å pendle

Det andre alternativet er å pendle til Notodden. Der har dei vaksenopplæringsklasse i helsefag, og eit godt opplegg, fortel Mehari Nega Berhane.

– Eg starta der i august, og følgde studiet i to månadar. Men så greidde eg ikkje meir.

Vil bidra i eldrebølga: Mehari ønskjer å bli helsefagarbeidarar, men vegen til Notodden og VO-klasse vart for tidkrevjande og dyr.

Det var berre to dagar i veka han måtte dra til Notodden, men det vart fort krevjande likevel. Eitt av hovudproblema er tidsbruken, sidan Mehari hadde jobb han skulle rekke i tillegg til studiet.

– Eg reiste klokka 7 og var heime att klokka 17. Så var det vidare på jobb.

Eit vel så stort problem var transportutgiftene.

– Den einaste moglegheita var å køyre bil sjølv, og det vart veldig dyrt. Me var fleire som studerte, men ofte hadde me ulike dagar, og sjølv om det var same dag så var det ulike tider. Så då var det ikkje så ofte det passa å samkøyre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har hatt det før – kan skje igjen

Rektor ved Vest-Telemark vidaregåande skule, Siv Reidun Eide, skriv til VTB at dei fleire gonger har hatt vaksenopplæringsklasser.

– Vaksenopplæring, særskilt helsefagarbeidarutdanning, er tilbod som skulen vår fleire gonger har gjennomført via ressurssenteret vårt. Då som regel etter initiativ og i samarbeid med Nav etter vurdering av behovet i regionen, forklarar Eide.

– Skulle skulen få spørsmål frå til dømes Nav om å tilby vaksenopplæring, så har me alltid brukt å finne gode løysingar for dette.

Eide peikar ellers på at det vil koma ny opplæringslov hausten 2024 som vil styrke rettane vaksne har til opplæring.

Har ikkje kartlagt behovet

Rektoren peikar altså på at initiativet har brukt å koma frå Nav.

– Det stemmer, svarar Nav-leiar Gerd Kari Skaalen.

– Me har tidlegare hatt komprimerte løp der ein tok helsefag vg1 og vg2 på eitt år. Dette var eit kurs me kjøpte av den vidaregåande skulen.

Ho veit ikkje om det er grunnlag for eit slikt kurs no.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har ikkje kartlagt behovet hos våre brukarar nå. Det må vere i alle fall 12 stykk.

Skaalen understrekar også at kursopplegg på skulen ikkje er nok.

– Tidlegare har det vore utfordrande å få lærlingplassar. Det er viktig at det er garantert lærlingplassar i andre enden, ellers kan me ikkje vere med på dette.

Kritisk til komprimerte løp

– Me har ledige lærlingplasser, svarar verksemdsleiar for institusjonstenestene i Vinje, Baiba Sheine.

– Men det som er avgjerande er at ein har klart å gjennomføre utdanningsløpet, og at språkdugleiken er god nok til å klare å følge lærlingløpet. Så alle blir vurdert individuelt, uavhengig av bakgrunn.

Har lærlingplassar: Baiba Sheine er verksemdsleiar for institusjonstenestene i Vinje kommune, og både dei og verksemda for personar med særskilde behov treng lærlingar, men understrekar at grunnlaget må vere på plass fyrst. – Det som er avgjerande er at ein har klart å gjennomføre utdanningsløpet, og at språkdugleiken er god nok til å klare å følge lærlingløpet. Arkivfoto.

Sheine er derfor skeptisk til komprimerte løp.

– Sist Nav hadde eit kursopplegg, var det ikkje så godt eigna for alle. Det var eit komprimert opplegg der dei skulle lære på eitt år det som ordinære elevar på vidaregåande lærer på to år. Med dårlege språkkunnskapar i tillegg, så blei det alt for tøft for fleire. Så det må bli eit opplegg som er godt gjennomarbeidd og tilpassa den gruppa.

Men ho er ikkje i tvil om at det er behov for arbeidskrafta flyktningane kan tilby.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tilgang på helsefagarbeidarar er utfordrande i våre verksemder, og blir sikkert ikkje mindre utfordrande framover. Så me er heilt avhengig av å legge godt til rette med både utdanning, praksisplassar og lærlingplassar også for dei med flyktningbakgrunn.

Vil gjerne starte att

Mehari vil gjerne starte på studiet att, og håpar Nav ser kor stort behovet er.

– Det er mange som er interesserte; eg veit om i alle fall sju her i Vinje, seier han engasjert.

– Det hadde vore så bra! Då kunne eg lett ha jobba etter skulen og hatt tid til leksene. Viss ikkje må eg nesten flytte til Notodden for å studere, men det vil eg helst ikkje. Eg trivst godt i Vinje, og eg har jobb her.

Han liker butikkjobben han alt har, men vil gjerne jobbe innan helse i framtida.

– Dei gamle treng nokon som passar dei.