Legevakt: Vinje kommune kansellerer alle oppsette legetimar.

Kansellerer alle oppsette legetimar – yter no berre akutt hjelp

Helseeiningane i Vest-Telemark prioriterer no berre dei som treng akutt hjelp.

– Alle helsetenestene i Vinje kommune vil frå i dag 13. mars berre yte akutt hjelp/legevakt. Alle tidlegare oppsette timeavtalar på legekontoret blir nå kansellert inntil vidare. Meir informasjon vil kome til veka, melder kommunen.

Drift av helsestasjon vil også berre omfatte nødvendige kontroller og vaksinasjonar. Ta kontakt med helsesjukepleiar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rask psykisk helsehjelp er tilgjengeleg på telefon 958 16 360 mellom kl. 08:00-16:00.

Inngangsdører til helsehuset i Åmot blir stengt, slik at ikkje andre enn dei som jobbar der eller har avtale kjem inn.

Kviteseid kommune melder på sine sider:

«Situasjonen vil få konsekvensar for korleis vi må prioritere pasientar på legekontoret. Pasientar med akutte behov vil bli prioritert. Når det gjeld andre brukarar av kommunen sine helsetenestar gjeld det same.»

Nissedal kommune:

«Legekontoret kun tilgjengelig for øyeblikkelig hjelp og smittevernarbeid. Planlagte avtaler hos jordmor/helsesjukepleiar som vanleg om ikkje anna beskjed blir gitt.»

Fyresdal kommune:

På grunn av forholda rundt corona-viruset og førebyggande tiltak med tanke på dette, må vi dessverre begrense dei fysiske oppmøta ved avdeling helse (legekontoret, psykisk helse, fysioterapeut og helsestasjon) frå måndag 16.03.2020.

Artikkelen held fram under annonsen.

Konsultasjonar som ikkje er strengt tatt nødvendinge vil frå måndag 16.03.2020 bli tatt over telefon.

Dei som allereie har bestilt time på legekontoret vil bli oppringt dersom timen blir endra.

Tokke helsesenter er stengt.

I Seljord er det også berre legevakt ope. Ordinære timar blir utsette, eventuelt får ein snakke med legen på telefon.