Sommargjest June Verstod

June vil helst vere på hytta eller på ein fjelltopp i sommar

Namn: June Verstod 

Alder: Straks 33 år

Bur: Rauland 

Gjer: Lærar ved Øyfjell skule, men akkurat nå heime i mammapermisjon med vesle Einar.

Kva er planane dine denne sommaren?

Me har kjøpt oss hytte ved Kviteseidvatnet, så sommaren blir her, med både venne- og familiebesøk. 


Har du eit sommarminne du vil dele?

Har mange fine sommarminne, men oppsummert må det vel bli tid med familie, bading og opplevingar med dei eg er glad i.

Kven gjorde sist noko for deg som du sette pris på?

Eg er heldig og føler meg sett pris på kvar dag.

Kva opptek deg i lokalmiljøet?

Eg synest det er viktig med fritidstilbod og trygge og gode oppvekstvilkår for ungane.

Kvar i Vest-Telemark vil du helst vera ein fin sommardag?

Det må jo bli på hytta mellom Kviteseid og Fjågesund, elles så trivst eg også veldig godt på ein fjelltopp i Raulandsområdet.

Kva ville du vist til nokon som kom til Vest-Telemark for fyrste gong?

Det måtte blitt ein tur på Bossnuten! 

Har du eit ord eller uttrykk frå Vest-Telemark du likar godt?

Ordet «høtt» har eg hatt mykje moro med knytt til studie- og læretid i byen. Ikkje alltid like lett for «byfolket» og forstå kva eg har meint med det. 

Nokon du vil sende ei sommarhelsing til?

Eg sender ei sommarhelsing til alle mine nære og kjære.

Powered by Labrador CMS