Vegval: I sitt neste møte skal det nye kommunestyret gjere eit vegval når det gjeld forvalting av konsesjonskrafta. Formannskapet stilte seg bak rådmannen si innstilling, som er å halde seg på vegen ein alt er på, med ein kraftforvaltar og ei refusjonsordning til innbyggarane.

Ishavskraft leverer – i fjor selde dei kommunekrafta til 18,4 øre meir enn spotprismarknaden

Økonomisjef Gry Åsne Aksvik hadde med seg hyggelege tal til formannskapet i Vinje sist torsdag. – Ifølgje faktiske tal frå Ishavskraft fekk me i gjennomsnitt 108,8 øre/kWh i 2023. Til samanlikning fekk ein i spotprismarknaden i gjennomsnitt 90,4 øre/kWh, sa Aksvik.

Noko av forklaringa er ifølgje rådmann Jan Myrekrok at ein ikkje hadde prissikring på ein del av krafta på slutten av fjoråret

– Og då var kraftprisen høg, sa Myrekrok.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det tydar på at me har valt ein god forvaltar, sa Børge Skårdal (Bygdelista), som også lurte på om resultatet er knytt til sikringsstrategien, eller til at Ishavskraft er gode seljarar.

– Det er jo ein kombinasjon, svarte Aksvik.

– Formannskapet har vedtatt ein sikringsstrategi som me har følgd dei siste åra og så er det forvaltaren som skal jakte på dei beste prisane for oss. Forvaltaren tek avgjerslene, men me har møte med dei undervegs. Når me ser behov for å ta ein liten prat, så har me fått det.

Ifølgje Aksvik hadde kommunen kraftinntekter på 125,3 millionar kroner i 2023.

Dagens forvaltingsmodell: kraftforvaltar + refusjon

Vinje kommune har i dag avtale med Ishavskraft AS om forvaltning av kommunens konsesjonskraft.

Avtala er tidsavgrensa, med løpetid frå 16. oktober 2021 til 31. desember 2023, med einsidig opsjon for kommunen til å forlenge avtala med eitt år.

I 2021 og 2022 oppnådde kommunen gjennom si kraftforvalting lågare prisar enn spotprismarknaden (2021 18 øre under, 2022 99 øre under). I 2023 oppnådde dei høgare pris (18,4 øre over).

For 2024 er 93,5 % av krafta til kommunen allereie prissikra i høve til vedteken forvaltningsmodell.

For 2025 er framleis berre 15,9 % av krafta sikra. Administrasjonen har ikkje lagt opp til at det skal utførast sikringshandlar før rådmannen har fått ei avklaring i høve til ønska forvaltningsmodell og sikringsstrategi.

Frå 2022 har kommunen hatt ei refusjonsordning som kompensasjon til innbyggarane for høge straumprisar.

Kommunestyret har fram til no løyvd 50,4 millionar kroner til innbyggartilskot i 2022, 2023 og 2024.

Det er også totalt løyvd 32,4 millionar kroner til straumstøtte for næringslivet i 2022, 2023 og 2024.

Kjelde: Saksgrunnlaget

Fleire moglegheiter

Dei hyggelege tala hadde samanheng med ei politisk sak som politikarane fekk på bordet sitt: Kraftreglementet.

– Det er det som gjev rådmannen fullmakt til å lyse ut på anbod for å få ein forvaltar, forklarte ordførar Jon Rikard Kleven (Sp).

Eit alternativ til dagens kraftforvaltingsmodell kan vere å legge heile porteføljen i spot, altså å selje all konsesjonskrafta til den prisen marknaden vil gje til ei kvar tid. Dette var Børge Skårdal (Bygdelista) huga på. Han la fram utrekningar som viste at ein i løpet av ein 20-årsperiode kunne tent om lag 10 % meir på straumsalet ved å ligge i spot. Bakdelen med denne modellen er at det truleg vert større svingingar mellom betre og dårlegare år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men viss ein har god økonomi og eit fond som ein kan lene seg på, så er det mykje som tydar på at det er betre å ligge i spot, sa Skårdal.

Kleven peika på at ein slik argumentasjon vil variere med kva tidsserie ein ser på, og meinte at tryggleik uansett er viktigare enn den ekstra innteninga.

– For meg er botnlina budsjettryggleik. Så kan ein godt kalle det ein forsikringspremie, sa Kleven.

Eit tredje alternativ er å selje konsesjonskraft direkte til kundar i kommunen, der ein kan sjå føre seg ein modell med eit golv og eit tak for kva prisen kan vere. Dette vil vere føreseieleg for forbrukarane, men rådmannen vil ikkje anbefale dette alternativet, mellom anna fordi det kan føre til ein auke i forbruket, og fordi han meiner det vil «føre til ein monaleg inntektsnedgang i høve til dagens ordning».

Det går også an å sjå på moglegheita for å selje kraft direkte til næringslivet.

– Men viss ein skal selje til næring så skal ein vere forsiktig. Ein er fort midt oppi bedet her, åtvara Aksvik, som peika på at ein kontrakt som skal seljast til næringslivet må ha næringsmessige vilkår.

– Me kan ikkje dumpe prisane, for då er ein er fort borti statsstøttereglane. Ein må også ha skriftleg informasjon om eventuell anna bagatellmessig stønad føretaka har fått frå andre dei to føregåande kalenderåra pluss inneverande kalenderår.

Formannskap eller kommunestyre?

Suhail Mushtaq stilte spørsmål ved kven som burde ha mynde til å vedta kommunens kraftforvaltingsmodell.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Burde formannskapet vedta slike viktige ting, eller burde kommunestyret vedta slike viktige ting? spurde Mushtaq, og fremja forslag om at kommunestyret fekk denne oppgåva.

Nils Johan Svalastog Garnes (SV) kom med eit motforslag om at formannskapet fekk denne oppgåva. Forslaget til Mushtaq vart sett opp mot forslaget til Garnes. Mushtaq sitt forslag fekk ei stemme og falt.

Formannskapet vedtok så kraftreglementet slik det ligg føre, med ei vidareføring av dagens forvaltingsmodell. Dei vedtok også å gje rådmann fullmakt til å gjennomføre anbod på kraftforvaltning i tråd med kraftreglementet våren 2024.

Saka skal handsamast i kommunestyret 12. mars.