I år blir det messe på joleftan igjen. – Fyrste gong på uminnelege tider

I år skal det vere messe på joleftan i Åmotsdal kyrkje.

– Dette er fyrste gongen på uminnelege tider. I gamle dagar – før krigen – var det ikkje messe nokon plassar på joleftan i Seljord. I staden var det høgtidsmesse i Seljord på 1. joledag, i Flatdal på 2. joledag og i Åmotsdal 3. joledag, opplyser sokneprest Dag Harald Undheim i Seljord sokn.

Han fortel at det i åra etter krigen vart meir og meir populært med messe på joleftan.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I Seljord prestegjeld vart desse joleftanmessene etter kvart halde i Seljord kyrkje og Flatdal kyrkje. Åmotsdal fall av ein eller annan grunn ut av denne ordninga. Messa i Åmotsdal 3. joledag blei samstundes etter kvart flytta til 4. joledag, og då i kombinasjon med jolefest på grendehuset, seier Undheim.

– I år ønskjer soknerådet velkomne til joleftanmesse i Åmotsdal kyrkje. Messa 4. joledag held fram som før – i samarbeid med pinsevenane og med påfølgjande jolefest på grendehuset, er meldinga frå soknepresten.

Messe: Det blir i år messe i Åmotsdal kyrkje på joleftan.